Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Randoneehelg for både elite og for å skape familietrivsel

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. januar 2019

Det blir ei stor skihelg i Dalalia i 23.-24. februar, når Todalen I.L. skal arrangere NorgesCup i randonee og ventar besøk av norgeseliten, med renn for individuelle deltakarar laurdag og med sprint på søndag. Veldig artig at eliten – både herre- og dameløparane – har signalisert at dei kjem til Todalen for å delta, fortel Nils Ove Bruset, som er både rennleiar og leiar i Todalen I.L.

Sondre Svensli frå Eidsvåg er ein av dei som vi har store forventningar til, seier Bruset. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Denne februarhelga blir det nok stor aktivitet på Kårvatn, for det planlegges no å arrangere Dalahaugen Open for å stimulere interessen hos publikum. Det vil seie at det planlegges varierte aktivitetar for den yngre garde – både hopprenn, langrenn, kulerenn, slalom og kanskje til og med ein form for Mini-randonee, der det går an å prøve seg litt i den ordinære randoneeløypa. Vi ønsker også at flere skal melde seg på trim- og turklassen i Randonee på lørdag. Vi har køyrt kurs i Sæterlia i år, og det er mange som har randoneeutstyr som absolutt bør bli å finne på startstreken denne laurdagen, seier Bruset.

Utanom de ordinære klassane i NorgesCupen, både dame og herreklassar i junior og senior, så blir det altså trimklasse utan tidtaking og ein turklasse med tidtaking – begge med fellesstart.  Trimklassen har start kl 10 og turklassen kl 11.  Norgescupen startar så kl 12.

Dalahaugen Open – vi gler oss til å lage ein skikkeleg familiedag på Bekkøya igjen, seier Nils Ove Bruset som er rennleiar i Todalen I.L. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Søndagens sprint startar med prolog – det vil seie uttakningsrenn der løparane kvalifiserer seg til eit finalerenn til slutt. Dette er ei veldig artig form for randonee, og er veldig publikumsvennleg da kvalifiseringa foregår i målområdet.  Finaleheatet får ein tur til Tydalsnebba og kanskje ein ekstrarunde innom Revholbotn før dei sett kursen ned til Kårvatn og målområdet på Bekkøya.

Bruset sier at det NorgesCupen stort sett vil bruke same traseer som tidlegare år, men sjølv om føret er bra akkurat no, så kan det nok bli slik at vi må korrigere på grunn av føresituasjonen. Men på det området har vi for eksempel mulegheita til å justere med ski på sekk i deler av traseen.

Det har vore lokale deltakarar tidlegare også – her går Ola Talgø i mål på Bekkøya – ein gong i sin pure ungdom. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Randonee er ein idrett som er i sterk vekst – det gjeld både lokalt, regionalt og nasjonalt. Kårvatn Fjellutstyr var tidleg ute med salg av randoneutstyr, og har nok på mange måtar profilert Todalen som randonee-bygda, seier Bruset. Han minner om at det no er 10 år sia Todalen I.L. hadde det første NorgesCup-arrangementet i 2009, da T.I.L. tok over eit arrangement for Oppdal da det snømangel der.

Bruset skryter av snøforholda i Dalalia akkurat no – i helga var det stor utfart og det var mange som nytta høvet til å prøve det flotte føret.  Han minner også om trenerkurset som arrangere helga før den store randoneehelga.

Heiagjeng framfor butikken til Kårvatn Fjellutstyr – «ein gong i gamle dager». Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Heiagjeng på plass i Dalalia – blir det finvêr så blir det fint å fælge rennet frå sidelinja i Dalalia. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Open kiosk blir det sjølvsagt begge dagane – godt å ha noko å varme seg på sjølv om det er ganske lang solgong i slutten av februar. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. januar 2019, 17:31