Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ræta Opp: Håvard Gjeldnes på beste tid

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juni 2018

Det var ikkje uventa at Håvard Gjeldnes kom inn på bestetid og løyperekorden 11,01 under dagens mosjonsløp Ræta Opp.  Hakk i hel kom Noa Sæterbø Råen, Sindre Hyldbakk Kvande, Halvor Åsbø og Torstein Snekvik som måtte på 12-talet. Bestetid i dameklassen fikk Kristin Aasen og Jorun Nordvik som kom på 16-talet med henholdsvis 16,10 og 16,14.

Frå starten av MiniRæta – eit hopetal av dei unge fotballspelarane tok runden rundt Bordholmen for å støtte saka. Foto: Jon Olav Ørsal

Totalt var det 131 som betalte startkontingent til Ræta Opp og som dermed var med og bidrog til gaven til «Aktiv for epilepsi» og NFCF på denne dagen. Den heldig vinnar av premien for idealtida var Valeria Dannevig, som var berre 30 sekund frå.  Med sin sosiale profil er Ræta Opp eit spesielt løp, fortel initiativtakaren Ingvild Kårvatn som har jobba mykje for å skaffe premier og drive PR for å skaffe deltakarar.  Dette gir ein bra slump med pengar til desse to gode formåla. Ho takkar både deltakarar og sponsorane som har vore med og gjort dette løpet muleg.

Etter målgangen fekk sjølvsagt Håvard ein seiersklem både med mora Bodil og med kona Indy. Foto: Jon Olav Ørsal

Komplett resultatliste finn du her:Ræta opp 2018

Nedafor har vi laga eit par bildegalleri – eit frå Halsetræta med Elinor, og eit frå Bordholmen med Jon Olav.

 

Publisert: 30. juni 2018, 20:31