Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ræta Opp: Ha MOT til å delta oppfordrar Birgit Skarstein

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. juni 2019

Birgit Skarstein var gjennom organisasjonen MOT hyra inn for å være startar under årets Ræta Opp.  Det hadde ho dessverre ikkje høve til, men ho har sendt oss ein videosnutt der ho oppfordrar alle til å bli med og ho helsar samtidig til slektningar på Kvanne.

Ha mot til å bli med på Ræta Opp, helsar Birgit Skarstein til Todalsdagen. Foto: Nettavisa

På Bordholmen går i alle fall førebuing som planlagt, og det det skal bli stor aktivitet med både fotballcup og Mini-Ræta for dei minste, og sjølvsagt håpar vi på stor deltaking på Ræta Opp. Jo fleire som deltek jo meir pengar blir det på MOT Surnadal, seier Ingvild Kårvatn som er løpsleiar for Ræta Opp. Det gjeld å ha mot til å være med, seier Birgit Skarstein som helsar til arrangøren og til deltakarane på sin videosnutt.

Jo fleire som deltek jo meir pengar blir det for MOT Surnadal

På Bordholmen er dugnadsarbeidet allereie i full gang med å fiffe opp anlegget, og det fortsett til alt er klart for å «trykke på knappen» laurdag morgon. Sjefsloppa Borghild Talgø minner samtidig om innlevering av lopper til loppemarknaden – det skjer i kveld og fredag kveld. Loppemarknaden gir kjærkomen inntekt til Trim-/fotballgruppa i TIL.

Finn fram lopper frå kjellar og loft, oppfordrar Borghild Talgø.

Publisert: 27. juni 2019, 08:52