Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
RætaOpp – stiller du?

RætaOpp – stiller du?

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juni 2013

Fotballfest for dei minste er kanskje det beste kjenneteiknet på Todalsdagen, men hovudattraksjonen er nok mosjonsløpet «RætaOpp», som hadde sin premiere i fjor under Todalsdagen med over hundre deltakarar. Laurdag er det ny satsing, og da reknar vi med mange fleire deltakar, fortel Knut Bergli og Ingvild Kårvatn i Todalen Idrettslag når dei promoterer løpet.  RæteOpp er som sagt eit mosjonsløp på ca 3 km, med start og målgang på Bordholmen stadion.

Startkontingenten for løpet går uavkorta til Foreningen for hjartesjuke born i Møre og Romsdal, og løpet har premiering på idealtid. Du kan velge sjølv om du vi satse på løyperekorden eller på ein av dei flotte premiane på idealtid. Poenget er at alle kan bli med på «RætaOpp», enten du er ung eller gammel eller om du ikkje er nokon topptrena trimmar. Du bestemmer farten sjølv! Eldste deltakar i fjor var 86 år, medan yngste deltakar tok runden i bæremeisa, da han enno ikkje hadde lært seg å gå.

Knut og Ingvild oppfordrar spesielt bedrifter til å melde på sine ansatte som deltakarar. PipeLife har meldt på mange ansatte og betaler startkontingenten for dei ansatte  som startar for bedrifta. Kanskje Surnadal kommune med rundt 600 ansatte tek stafettpinnen, når Håskjold likevel har teke på seg raudskjorta? Det kostar nemleg bare ein hundrelapp, og for born til og med 14 år kostar det ein 50-lapp. Påmelding skjer på Bordholmen stadion fram til starten kl 12.

Men Todalsdagen er også fotballfest for dei minste, slik som tidlegare år. Mellom 30 og 40 lag med knøtter, miniputter og lillegutt/lillejente vil halde fotballen i gang på dei 5 fotbalbanane på Bordholmen gjennom heile dagen. Det er lag både frå nærområdet og frå Midt-Norge elles.

Stor loppemarknad
Under Todalsdagen blir det også stor loppemarknad. Sjefsloppa Borghild Talgø oppfordrar alle til å rydde i kjellar, loft og garasjer for å finne høvelege lopper. De kan leveres på Bordholmen torsdag og fredag kveld. Dei er interessert i ale ting og tang, slik som koppar og kar, gamle bøker og anna du har til overs. Intekta frå loppemarknaden går til Trim- og fotballgruppa i Todalen idrettslag, fortel ho.

Først publisert: 25. juni 2013, 22:20 - Sist oppdatert: 26. juni 2013, 21:13