Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
“Ræta opp”- eit mosjonsløp til inntekt for kreftramma ungar

“Ræta opp”- eit mosjonsløp til inntekt for kreftramma ungar

Elinor Bolme Laurdag 2. juni 2012

Energiske Ingvild Kårvatn har fått med seg Todalen Idrettslag til å arrangere mosjonsløpet «Ræta opp» under årets Todalsdag. Bakgrunnen for løpet kjem seg av at ho etter lengre tids kreftsjukdom deltok på halvmaraton for å «teste formen» for eit par år sia. Ho deltok også på ulike motbakkeløp og mosjonsløp her i distriktet, men fekk liksom ikkje frå seg ideen om at dette kunne vel også Todalen IL arrangere. Og som sagt som gjort, Todalen IL beit på ideen og arrangerer dermed «Ræta opp» for aller første gong no i år under Todalsdagen 30.juni.

Eivind Grønmyr er løpsansvarleg hos Todalen IL, og han fortel at løypetresseen allerede så å seie er fastsett. Med seg til dette har han hatt Jon Bruset og Johan Kvendset, fagfolk både på trening og stigar. Løypa på ca 3 km vil gå frå Bordholmen, opp til Heimstad (huset i høgre bildekant), viare opp til skoggrensa, ned til ei furu midt i Reita, for så oppatt til skoggrensa ein gong til før det bers til Bordholmen for målgang. Eivind fortel viare at dette er eit mosjonsløp, der det vil bli premiering etter idealtid i 3 klassar, ein for vaksne, 1 for ungar mellom 0-10 år og ein for ungar mellom 11-14 år. Likevel, for å auke interessa for løpet vil  bestetid i både herre- og dameklasse hedrast med løyperekord i eitt år.

Ingvild Kårvatn håpar at så mange som muleg, både ungar og vaksne, mosjonistar og aktive utøvarar tek turen til Todalen denne dagen for å vere med i «Ræta opp». Ho har nemleg bestemt at alle inntekter av påmeldinga til årets løp uavkorta skal gå til Støtteforeningen for kreftsyke barn i Møre og Romsdal (SKB). SKB arbeider blandt anna for at ungar med kreft skal betre behandlings- og rehabiliteringstilbud, tilrettelegge forholda til familiane som blir ramma, samarbeide med legar og anna pleiepersonell rundt ungane og drive informasjonsvirksomheit rundt sjukdomen og virksomheita. Difor har Ingvild også mest truleg gjort det slik at Todalsdagen får besøk avein representant frå SKB Møre og Romsdal denne dagen med eigen stand på området.  Her er SKB si eiga nettside.

Så då er vel saka klar i følge Ingvild: møt opp og bidra til ein betre kvardag til eit kreftsjukt barn! Her er det plass for alle, om ein ikkje vil bli førstemann over målstreken, så er det ein fin anledning til å ta det som ein familietur til inntekt til ei god sak!

Først publisert: 2. juni 2012, 11:13 - Sist oppdatert: 19. juni 2012, 16:23