Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pussar vegkantane rundt bygda

Jon Olav Ørsal Måndag 25. august 2014

Mandag var det full fres med kantslått på offentlege vegar. Endre Holden Østbø og Rolf Ove Røv frå Teigan maskin hadde alt på føremiddagen kome rundt på mykje av fylkesvegane rundt bygda, med fikk driftsstans i Øyagrenda. Eit par slagngar måtte skiftast før dei kunne kome vidare igjen.

Det er no andre gongs kantslått på fylkesvegane, og disse karane bebuda nytt besøk før september månad er ferdig. Da kjem dei att for å sette ut vegstikker før vinteren gjer sitt inntog. Det minner oss berre om at sommaren er på tampen, og at vi kan vente oss forandring i temperatur og klima om ikkje lenge. Får håpe det drøyer litt enno med vinterens inntog.

Surnadal kommune har også drevet kantslått på dei kommunale vegane den siste tida.

 

Publisert: 25. august 2014, 12:00