Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Pubkveld  på  laurdag

Pubkveld på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 29. januar 2010

Laurdag blir det igjen pubkveld på Pakkhuset Pub på Todalsøra. Ein del av deltakarane frå Kårvatn skal ha felles middag først på kvelden, men etterpå vil det bli ope for alle frå kl 21.00 og utover kvelden.
Denne kvelden vil det i tillegg til vanleg sortiment også bli høve til å kjøpe dagens rett. Det er er Angusgryte med tilbehør, samt heimelaga karamellpudding til dessert. Dette gjeld så langt beholdninga rekk!
Vertskapet ønsker alle velkomne til ein triveleg pubkveld (eller kanskje vi skal kalle det after ski) på Todaløra laurdag kveld!

Publisert: 29. januar 2010, 00:54