Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I kveld: Prøysenkveld i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. november 2014

I år er det 100 år sidan vår folkekjære visekunstnar og lyrikar Alf Prøysen frå Ringsaker, vart fødd. Det markeres med ein konsert i Skulstuå torsdag 20.november kl 19.00. Då kjem fulltids songar, trekkspelar, skodespelar, entertainer og todalsvenen; Odd Arne Halaas igjen til Skulstuå for å underhalda med song og musikk, melder «Venner av Skulstuå» som er arrangør.

OddArneHalaas_9652

Odd Arne Halaas. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Odd Arne Halaas kjem frå Eide på Nordmøre og er heiltids musiker og underhaldar i både inn- og utland. Dette har han ghalde på med i over 20 år og har opptredd fleire gonger i Todalen. Denne gongen er temaet Alf Prøysen, og det gler vi oss til!  Om ein ynskjer å reservera plass, ta kontakt på mobil/SMS til 48 000 144. Her kan du laste ned plakaten.

 

 

Først publisert: 18. november 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 20. november 2014, 08:02