Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prøver med sjakk igjen – no må du møte og vise interesse

Jon Olav Ørsal Onsdag 31. januar 2018

Anders Talgø og Terje Nordvik er initiativtakarar for å kome i gang att med sjakk på søndagskveldar.  Det var gjort eit forsøk før jul, men da var det midt i førebuingane til jul og laber interesse. Komande søndagskveld kl 19:30 blir det gjort ein nytt forsøk – da må du som er interessert i sjakk måte opp dersom det skal bli noko meir.

Dersom det skal bli fleire kveldar eller til og med turnering i løpet av etterjulsvinteren, så må du møte opp og vise interesse å få til aktivitet.  Det hadde vore fint om vi kan få til en turnering og kanskje til og med finale i løpet av påska eller i løpet av våren. Møt opp og bli med på ein triveleg sjakkveld – så får vi sjå kva det blir til.

.

Publisert: 31. januar 2018, 20:33