Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prosjekt Bolyst Todalen 2022

Elinor Bolme Sundag 24. juni 2018

Dette er eit nyoppretta samarbeid mellom Todalen Grendautval (tidlegare PT-utvalget) og FAU for Todalen Oppvekstsenter. Todalen Grendautval er formelt ansvarleg for dette nyoppretta prosjektet, som skal bidra til bolyst i bygda i åra framover. 

Prosjektplan

Målet for prosjektet er rett og slett å få fleire til å busette seg i Todalen, fortel Bjørn Gunnar Ansnes som er ein av pådrivarane i denne gruppa, saman med Jostein Bruset og Ragnar Halle. Desse tre er ansvarlege for prosjektleiing og koordinering, og har dermed ansvar for gjennomføring av prosjektet og kontakten med ulike offentlege etatar.

Dei har laga seg ei førebels prosjektplan og har sett seg nokre mål fram mot 2022 som skal bidra til auke av innbyggarar, fleire elevar ved skulen og auke av born i barnehagen.

Økonomien må på plass

-Vi ser for oss å drive ei aktiv marknadsføring av bygda vår over heile landet, men spesielt fokus mot utflytta todalingar, men til dette er vi avhengig av økonomiske midlar som vi per i dag ikkje har. Som ein start på denne utfordringa har vi denne veka vore i møte med kommunen og rådmann Knut Haugen og fungerande ordførar Helge Røv, fortel Bjørn Gunnar. Dette resulterte i at rådmann og ordførar bevilga 30 000 kroner i eit administrativt vedtak innafor sine fullmakter for tilskudd fra næringsfondet. Dei var veldig positive til planene våre og ville vere med i prosjektet som støttespelarar både politisk og administrativt. Kommunen er særs opptatt av å bidra til ei positiv utvikling i Todalen og dermed kommunen totalt sett. 

Før dei tre karane tok turen heimatt var dei innom Surnadal Surnadal og Liv Dalsegg som er sponsoransvarleg der. Og ho bladde opp 20 000 kroner i sponsorstøtte etter ein kjapp dialog med banksjefen. Banken er alltid positive til lokalt engasjement, og dette er slik som vi ønsker å bidra med seier Liv. Fokus på heimflytting og nyetablering er viktig, både for Todalen og Surnadal som Todalen er ein del av, smiler Liv lurt.

Vegen vidare

På mandag tek prosjektgruppa turen til Fylkeshuset i Molde for å få hjelp og innspel til vidare søknadsprosessar for fylkeskommunale midlar. Her er det mykje å hente, og vi har trua på at dette skal føre fram. Todalen Grendalag må også etablerast og registrerast i brønnøysund slik at eige organisasjonsnummer kjem på plass og naturleg vis kontonummer slik at pengane kan komme prosjektet til gode.

-Dette er eit godt eksempel på utvikling i, og av Surnadal, som vi gjerne er med å bidrar til seier Liv Dalsegg mellom alle oppdraga under Norsk Laksefestival kor banken er hoveddsponsor. Her frå Strongmanarrangementet i går, der banken også var med i arrangementskomiteen.

Skulle det være fleire enn Surnadal Sparebank av lokalt næringsliv (både i Todalen og Surnadal kommune forøvrig) som ønsker å støtte dette prosjektet er vi takksame for bidrag avslutttar Bjørn Gunnar.

Først publisert: 24. juni 2018, 05:00 - Sist oppdatert: 23. juni 2018, 21:16