Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Programmet for 17. mai-feiringa i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mai 2014

Frå ledar i 17.mai-komiteen, Terje Nordvik, har vi fått pressemelding om at programmet for grunnlovsfeiringa i Todalen er klart. I tråd med 200 års jubileumet, og oppfordringa frå regjeringa om ekstra satsing, vil også årets 17. mai komité i Todalen sette alle klutar til for at det skal bli eit bra arrangement, og det er lagt opp til aktivitear frå kl 9.30 når biltoget startar og utover heile dagen til avslutninga i skulen ca kl 18.00. Last ned programmet her!

DSC_7952

Biltoget på veg frå nedover frå Brusetmarka. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

 Biltog
I Todalen har vi jo lange tradisjonar – i allfall over 60 år, med at vi feirar 17. mai saman gjennom heile dagen. Som tidlegare startar vi opp med biltog frå Halsbua kl. 9.30. Det går som vanleg opp til Gammelfabrikken, med ein kort stopp der før vi fortsett til Bordholmen.
I jubileumsåret vil vi prøve og få tilbake tradisjonen frå siste del av 1900-talet, med pynting av kjøretya, og vi oppfordrar derfor alle som blir med i biltoget, om å pynte bilen slik som vi gjorde før. Bruk bjørk, flagg og ballongar . Ein spesiell utfordring til Ståle Ansnes og hans mannskap på ”førartraktoren” om å legga ekstra arbeid på pyntinga i år.
Premie: Det blir sett opp ein fin premie for beste bilpynt, og finaste pynta traktoren – vi håpar nemleg på fleire traktorar.
Juryen for å avgjera kva som er finaste bilen og finaste traktoren, er borna som sitt på traktoren til Ståle, og dei får Bjørn Hauglann frå TILs fotballgruppe med som juryleiar.

Frokostbordet_7981

Frå frokostserveringa på Bordholmen i 2013. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

 Frukost
På Bordholmen står fotballgruppa med Knut Bergli i spissen klar med 17.maifrukosten. Det tradisjon for ein full ”hotellfrukost” Dersom det er dårleg vêr blir frukostarrangementet flytta til Ungdomshuset. Kl. 11.00 vil det bli utdeling av premiering for beste bil- og traktorpynting.
Frukosten startar ca. kl. 10.15 Pris for frukosten er som vanleg kr 100,- for vaksne. Kr 50 for born (opp til 16 år) og gratis for born som ikkje har starta på skulen.
Leikar
På Bordholmen blir det som vanleg litt leikar både for vaksne og barn etter frukosten. Det blir mellom anna taudraging, der ”Kvennsetkjerringane” nedafor Lauvåa har utfordra kjerringane i resten av bygda. Vi reknar med at karane gjer det same? Det blir også konkurranse i styltgåing.
Russen
Vi inviterer alle russ til å koma til Todalen for å bli med på biltoget med sine russebilar. Vi byr vi på gratis frokost på Bordholmen til all russ som deltek i biltoget.

17-korpset_8135

Det improviserte korpset gjorde ein flott innsats under feiringa i 2013. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Arrangement i Skulen/kyrkja    Her kan du laste ned plakaten
13.30 går vi tradisjonelt folketog frå skulen til kyrkja, der vi håpar at mange blir med og går.
14.00 får vi 17. mai Gudsteneste. Som vanleg er det sokneprest Bernt Venås som skal halde gudsteneste.
15.00 skal ein representant frå Surnadal kommune heidre minnet til lokale krigsdeltakarar med kranspålegging .
15.15 går folketoget saman med korpset tilbake til skulen. Der blir det ein liten minikonsert av korpset, som avsluttar med ”Ja vi elsker dette landet” saman med publikum.
16.00 samlast vi i gymsalen på skulen. Etter velkomsthelsinga, blir det servert middag til alle. Pris for å koma inn er kr 100,- for vaksne (16 år og oppover), som dekker all mat.
Og sidan det er jubileum, vil vi ikkje spare på ”konfekten” når det gjelder middagen. Det blir ein tallerkenrett med oksekjøtt, med godt tilbehør. For dei minste har vi tenkt å del ut gratis pølser med brød.
16.30 Tale for dagen. Rindalsordførar og tidlegare statssekretær Ola T. Heggem vil halde jubileumstalen i Todalen.
17.15 Kaffe og marsipankake før arrangementet er slutt ca kl 18.00.

Vi legg også ut linken til Surnadal kommunes heimeside med program for Grunnlovsjuileet, 17. mai og kongebesøket i Surnadal.

Først publisert: 15. mai 2014, 18:00 - Sist oppdatert: 16. mai 2014, 13:45