Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Produserer for Volkswagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2013

Foreløpig handlar det ikkje om produksjon av bilar ved Talgø Møbelfabrikk, men platene til dørken i lasterommet på VW Caddy og den nye transporteren VW T5 blir faktisk laga der. Talgø har fått ein langsiktig avtale på slik produksjon, og det passar godt til ledig maskinkapasitet, fortel produksjonleiar John Moe.

Steinar Halle og John Moe med den ferdig lasteromsplata til ein VW T5.  Foto: Jon Olav Ørsal

Steinar Halle og John Moe med den ferdig lasteromsplata til ein VW T5. Foto: Jon Olav Ørsal

Varebilane Caddy og T5 frå Volkswagen har lasterom som er tilpassa det norske regelverket, og derfor blir alle dei importerte varebilane utstyrt med plater i lasterommet frå fabrikken i Todalen. Dei er laga av gummibelagt kryssfiner som en motstandsdyktig mot fukt, og det tok berre nokre minutt å lage ferdig ei slik plate på den CNC-styrte fresen som Talgø har. da vi var innom var det 2-3000 plater som skulle leverast med det første.

WV INNRED T5

Platene på plass i lasterommet på en VW T5. Foto: VW

WV_platefresing_6734

Her blir plata fresa i CNC-fresen. foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 20. november 2013, 20:00 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:44