Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Produktiv pensjonist – to hefte med historisk materiale frå Bøfjord Historielag til jul

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2018

Bernt Bøe har slett ikkje ligge på latsida det første året som heiltids pensjonist. – No til jul har han vore redaktør av to julehefte frå Bøfjord Historielag, eller kanskje det er rettare å kalle det eit årsskrift og ei folkeminnesamling. – Det er iallfall på 7. året at Bøfjord Historielag kjem ut med årboka Gamle Nordmør med stoff som omhandlar heile Nordmøre.

Erk Staknes jaga bjønnen med øksa her på Trollbakken. (Fotomontasje – Bernt Bøe)

 

Blant artiklane framhevar laget ein fyldig biografi om Jim Musters – som var langt meir enn ein sommargjest på Vaulen i Surnadal. Få kjenner til hans innsats som naturforskar og som sabotør under krigen.

Gamle Nordmør 2018 – 60 sider med lokal kultur og historie frå Nordmøre – det første heftet i serien kom i 2012.

Bøfjord-skuta «Havås» var bygd som passasjerdampen «Oscar II» i 1885 og er no restaurert til opprinnelege stand. Gardshistorie frå både Settemsdalen og Stakkneset i Bøfjorden fyller mange sider – like eins stoff om fjordafiske, laksenothistorie og endatil lokal vinkling på Nansens Fram-ekspedisjon i 1893.

I «Hus på flyttefot» følgjer vi bygningar som fekk nytt liv på nye tufter kring heile Nordmøre. – Småhistorier og mysterium krydrar boka, som i alt har 230 bilete – blant desse «Det Gamle Album» med foto av alt frå fotballag til prospektkort og skipsmannskap.

På eventyrvis

Blant nye skrifter på årets førjulsmarked er Bøfjorden Historielag si folkeminnesamling «På eventyrvis». Her er over hundre nordmørske segner, eventyr, gåter, ordtak og forteljingar samla. Skattar av lokal forteljekunst frå gamle nedskrifter og muntlege overleveringar fyller dei 60 sidene i boka. Mykje av dette har vore glømt i mange tiår og fortrengt av såkalla «moderne» underhaldning.

«Guten i gadda» frå Settemsdalen er av ekspertar omtala som unikt i norsk eventyrlitteratur.  Foto: Bernt Bøe

Bøfjorden Historielag har henta frodige historier, spennande eventyr og artige stubbar fram frå «glømmeboka» og hermed gjort dei tilgjengelege på nytt. Boka har stoff frå omtrent kvar ei bygd på Nordmøre – stoff som dei fleste nok ikkje kjenner til. Mange av dei gode forteljarane er også presenterte mellom permane – Marit Glærum, Einar Heggem, Lisbet Kamsvåg, Arnøra-folket i Bøfjorden og titals andre. Blant nedskrivarane finn vi Maurits Fugelsøy, Hans Hyldbakk og ikkje minst straumsnesingen Edvard Langset. Det meste er skrive på lettleseleg dialekt.

På eventyrvis – flott samling av gamle folkeminne frå Nordmøre.

Har du høyrt om den smarte «Vaulaguten»? Om «Trollgaupå i Kvalnesvikjen»? Om korleis surnadalspresten Hær-Johan tok nuven av Djevelen? Eller «Pengpungjen så alder vart tom»?  Viss ikkje: – Dette og mykje anna eventyrleg tradisjonsunderhaldning finst her i moderne utforming.

Lokalt er hefta i sal hos bøfjord Historielag og på butikkane. I Surnadal er dei på plass i bokhandelen og her i Todalen får du kjøpt hefta på Matkroken Todalen.  God lesnad folkens!

Publisert: 11. desember 2018, 18:17