Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pro- pro mille, det kan gå deg ille…

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. november 2019

I føremiddag var det kontroll av promille og førarkort ved Talgøfabrikken på Kvennset.  Anders Magne Ormset og Olav Halse frå lensmannskontoret i Surnadal kontrollerte trafikken inn- og ut av bygda. Dei rakk å kontrollere rundt 25 billistar på den stunda dei stod der og vi kan straks røpe at resultatet var positivt. Ingen fekk anmerking verken for promille eller mangel på førarkort – alle todalingar var klåre, fortalte Ormset etter at kontrollen var over.

I tillegg vart det kontrollert 35 billistar i Surnadal og 22 på Kvanne – og alle fekk kjøre vidare etter at promille og førarkort var kontrollert. Det er vi sjølvsagt glade for, sa Ormset, som bekrefta at det var dårlegare resultat sist dei hadde kontroll – da ein av billistane fekk utslag på promilletesten.  I ei tid med mange julebordarrangement gjeld det å spesielt å passe seg dersom ein skal ut med bil på morgonkvisten, sa Ormset til slutt.

 

 

Publisert: 9. november 2019, 12:45