Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prisa våren på leikeplassen

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. februar 2015

Det er kanskje tidleg å nemne våren enno, men eit faktum er iallfall at det var reine vårstemninga på leikeplassen i Sollifeltet på Nordvik, da Todalen.no stakk innom ein snartur laurdag ettermiddag. Det var opptil fleire varmegrader og litt grønskjær i plena – og eit yrande liv med både små og store nordvikgardinagar…

Lekeplass_Nordvik_4149

Stor aktivitet på leikeplassen i Sollifeltet på Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er godt med ein dag med mildvær og sol, sjølv om vi enno er i siste halvdel av februar. Men det var iallfall artig å sjå korleis smårollingane kosa seg i sandkassen, der både gravemaskiner og anna høveleg utstyr vart teke i bruk. Og små rollingar er det mange av på Nordvik, for dei kan skilte med eit lite tjuetals ungar som er under skulepliktig alder, og eit liknande antal som er i skuleplikig alder. Det har kanskje aldri vore så mange ungar på Nordvik!

Jamvekt_4144

Oddvar Mikkelsen og Nils Håvard Øyås på «vekststonga». Dei har begge eit stort engasjement for nærmiljøet. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er mange som har etablert seg på Nordvik i seinare tid – sia 80 og 90-talet er Sollifeltet bygd ut, og det er kome fleire nybygg også andre plassar – og no er planer om nytt boligfelt på Øygarde, nedafor forsamligshuset. Ein får til utvikling dersom alle vil at det skal bli utvikling, seier Nils Håvard Øyås og oddvar Mikkelsen som begge er småbarnsfedre og godt nøgd med utviklinga som har skjedd på Nordvik. Dei konkluderer med at Nordvikstranda ligg midt i smørauget uansett kor ein tverrfjordleg kryssing av Todalsfjorden kjem. Uansett ligg nok det mange år fram i tid.

Sandkassen_4145

I sandkassen var det «action» med gravemaskiner og mykje anna interessant utstyr. Foto: Jon Olav Ørsal

Men vi får leva i notida, – og kan iallfall glede oss over at det kanskej blir fleire «vårdagar» i komande veke. Yr.no melder iallfall sørleg vindretning og solgløtt, og temepratur på opptil fleire varmegrader utover heile neste veke – og da er det snart mars og vi kan ordne oss på å ta i mot våren.

SmilTilFotografen_4153

…og eit smil til fotografen frå denne unge dama, som vi glømte å spørje om namnet på! Foto. Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. februar 2015, 22:43