Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Presenterte nye konfirmantar og dåpsbarn

Jon Olav Ørsal Sundag 8. september 2019

Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje, der neste års konfirmantar vart presentert.   Dei er tre i talet og skal gjennom hausten og vinteren få konfirmasjonsførebuing, og skal ta del i gudstenestene saman med soknepresten. Under gudstenesta var det også dåpshandling, der lille Louise Røv vart båret til dåpen.

I dag var det også dåpshandling under gudstenesta. Louise Røv vart båret til dåpen – her med foreldra Solfrid Moe og Espen Røv, fadrar og soknepresten. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei tre konfirmantane er Ingebrigt Kvendset Bergli, maren Mikkelsen Karlsen og Martin Kvande Talgø.  Dei startar konfirmantførebuinga med leiropphald i slutten av september, og skal vidare delta i førebuingane i kyrkja og delta i gjennomføringa av gudstenestene utover hausten og vinteren.  Dato for konfirmasjon er ikkje fastsett enno, men her i Todalen er det tradisjon med konfirmasjon i løpet av vårparten – datoen blir kunngjort seinare.

Sokneprest Kristin Strand på preikestolen under dagens gudsteneste. Foto: Jon Olav Ørsal

  

 

Publisert: 8. september 2019, 15:09