Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Premiere på elgjakta

Premiere på elgjakta

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. september 2012
Måndag var det start på årets elgjakt, og alt kl 9.30 fekk Ola Halle ein 2 1/2 åring på kornet. Ola trefte på elgen i eit furufelt straks  innafor Hjellnessetra, og dermed vart det årets første elgfall etter eit velretta skot. Det skjedde rundt 50 meter frå skogvegen som går forbi, og dermed vart det ei grei oppgåve å få transportert dyret heim til Hjellnes for slakting.

Den unge elgoksen hadde ei slaktvekt på 170 kg, og vart vinsja fram til vegen slik at dei fekk traktortransport til gards for slakting.

Publisert: 12. september 2012, 20:53