Premiere for jubileumsskrift - Todalen.no

Premiere for jubileumsskrift

Søndag 11. september kl 20 er det premiere for jubileumsskriftet for Todalen kyrkje som i år fyller 150 år. Dette er eit samarbeidprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og det er Bernt Bøe som har ført det i pennen. I tilleg har eit utvalg frå Todalen historielag vore med og samla bilder og informasjon til jubileumsskriftet. Søndag kveld vil altså redaksjonkomiteen saman med forfattaren presentere det ferdig resultatet for dei som er interessert, fortel Maren Ansnes som er ledar i Todalen historielag.

Jubileumsskriftet er laga i same format som årsskrifta til historielaget, og inneheld 76 sider med historisk materiale frå både gammel og ny tid. Det startar med litt historie om det som gjorde at det vart eiga kyrkje i Todalen. Vidare  er det glimt frå kyrkjelivet oppgjennom tida, fram til idag. Det er også ein bolk om kyrkja og livets gang, der kvardagen i kyrkja er skildra og om korleis kyrkja har utvikla seg mot ei nyare tid. Prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet er også kome med, og det er laga ein oversikt som viser kven som har vore tilsett i ymse stillingar oppgjennom åra.

Jubileumsskriftet har vorte ei fin trykksak som er rikt illustrert, og bÃ¥de forfattar og “skriftsstyre” har grunn til Ã¥ være stolte av resultatet. Tek du turen til kyrkja søndag kveld kl 20, fÃ¥r du sjÃ¥ og høyre meir om jubileumsskriftet.

NB!  Bilde av jubileumsskriftet kjem, men tenknisk feil på grunn av flytting av server gjer at dette må vente!  Red.

Medlemmar

Talgø Møbelfabrikk AS
IL Søya
Godt mot, Todalen
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Surnadal Sparebank
Rossåa Settefiskanlegg
Norsk Laksefestival
Vårsøg Hotell
MPs hjemmebakeri
Skulstuå i Todalen
Skogkompaniet
Driva
Svorka
Sparebank1 Midt-Norge
Todalen Idrettslag
AMFI Surnadal
Todalen Sanitetsforening
Start 4H
Søya og Todalen Skytterlag
Surnadal Trenings- og Velværesenter
Kårvatn Fjellutstyr
Surnadal Regnskap AS
Todalen Brygge
Gjensidige Surnadal
Todalshytta
AMFI Kreativ
Nordvik Grendalag
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Todalen Sokneråd
Eldremiddagen
ICA Todalen
Surnadal Lastebil Verksted AS
Surnadal Kommune
Todalen Elveeigarlag
Todalen Bondelag
Surnadal Kulturhus
Kombi Regnskap
Trollheimsporten
Todalen Småbåtforening
Surnadal Pensjonistlag
Norsk Vandrefestival
Viastua Gardsprodukt
Todalen Historielag

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa pÃ¥ tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør