Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Prøvde  seg  på  på  stamfiske

Prøvde seg på på stamfiske

Jon Olav Ørsal Sundag 22. september 2013

Elvaeigarlaget prøva ein ny runde med stamfiske søndag ettmiddag og kveld. Utstyrt med garn som rakk over heile elva vart det fiska nedover frå Nedre Oddøyhølen og heilt nedom Inneråhølen. Bortsett frå nokr små aurear var stamfisket resultatlaust, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset.

I kveld er vassføringa ved Storfossen målestasjon knappe 1,0 m3/sek, og det er alt for lite for å lykkes med stamfisket. Det er no mykje laks framfor munningen, som ventar på meir vassføring før den går opp i elva. Bruset seier at dei håpa på at laksen skulle «bli med» floa opp i nedre del av elva, men det lykkast ikkje. No må ein berre vente til det blir vêromslag og meir vassføring i elva.

Publisert: 22. september 2013, 22:00