Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med sjakk – ny sjakkveld på Matkroken

Jon Olav Ørsal Fredag 21. februar 2014

Sjakk har vorte utruleg populært etter fokusen frå Sjakk-VM. Sist det var sjakkveld på Matkroken var det samla 13 spelarar, og det var stor interesse for å arrangere fleire kveldar, fortel Trygve Halle som er ein av initiativtakarane. Førstkomande søndag (23. 2) vil sjakkgjengen samlast igjen, og det skjer altså på Matkroken kl 19.30.

Alle som har lyst kan bli med. Hugs berre å ta med brett og brikkar, slik at det blir høve til å ta del i spelet.

Publisert: 21. februar 2014, 19:52