Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populær ettermiddagskaffe med historisk snert…

Jon Olav Ørsal Sundag 21. januar 2018

Interessa for lokalhistoria er stor i Todalen. Søndag samla Todalen historielag eit 60-tals historieinteressert frå Todalen og omegn til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus.  Nils Røv var hyrt inn som kåsør og underhaldar, og det var ei oppgåve han kom seg godt ut av.

Nils Røv hadde to sekvensar, der han i første del fortalte lokale og fornøyelege historier både frå øverbøgden i Surnadala, Rindala, Bøverdala og ikkje minst her frå bygda.  Sjølv om han har «budd i by’n» heile sitt vaksne liv så bruka han dialekta frå Mosokn, der han vaks opp på Røv.  Nils har ordet i si makt, så han hadde mange lune og gode historier på lur som vi fikk dele med han.  Vi fikk lære oss å «ga bøverdaling» og lik ens å «ga Elster» med innlagt demonstrasjon.

Kaffe med bakels og graut i pausen – Marit S. Søyset, Maren Ansnes og Dordi Halle sørga for traktering. Foto: Jon Olav Ørsal

Og sjølvsagt hadde han med munnspelet – eller rettare sagt 5 munnspel, som var tilpassa kvar sine toneartar. Dermed vart det og litt musikk, der han starta med Todalspols, og fortsette med bruremarsjen «Øygardsjenta» som har sine aner frå Bøverdalen.

Vidare var det ein lang kaffepause, der kaffe og bakels med graut gikk ned på høgkant. Tydeleg at det er bra med slike arrangement, slik at folk kan kome seg ut og treffe både naboen og andre for sosial kontakt.

Etter pausen fortsette Nils Røv med ein lysbildeserie frå Sør-Amerika, nærare bestemt til Patagonia ved Magellanstredet.   Nils tok turen dit for å besøke ein biolog-kollega, og noko av ærendet var da også å få sjå pumaen, som er eit av dei mest vanlege rovdyra på det Amerikanske kontinent. Det lukkast han med, og vi fekk sjå mange fine bilder både av pumaen og andre fuglar og dyr som hører til der.  nil røv runda av andre sekvens med nok ein munnspeltrall – ein bruremarsj frå Jämtland.

Nils Røv hadde nyleg vore i Sør-Amerika, og viste mang fine lysbilder av både dyr og fuglar han hadde sett på turen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vart ein lang kaffepause med livlet prat rundt borda. Frå venstre Anders Talgø, hans Gundersen, Ingrid Røe, Ola Røe, Gunn Tove Svinvik, Solveig og Jon Arve Nes. foto: Jon Olav Ørsal

Rundt kaffebordet – frå venstre Kristian Gjeldnes, Ingri bruset , Gunda bele, Jon bruset, Anders halset og Eivind Grønmyr. Foto. Jon Olav Ørsal

Trekning – det var ingen inngangspengar på arrangementet, men loddsalet ga eit godt bidrag til lagskassa! Frå venstre Sven Olav Svinvik, John Moe, som er leiar i historielaget og Dordi Jorunn Halle. Dordi Jorunn etterlyste forresten protokollane til Todalen skyttarlag i samband med neste års årsskrift. Er det nokon som kan bidra til at dei blir oppspora? Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. januar 2018, 21:00