Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Plutselig var det laks på kroken

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Ivar Borthen er veteran i Toåa – etter mange års laksefiske i Toåa kjenner han elva ut og inn, og veit kva han skal friste laksen med og kvar han står og ventar.  I dag fikk han iallfall på land to laksar, ein på 4,1 kg og ein på 7,1 kg ved Lakssteinen.

Ivar Borthen med den minste laksen på 4,1 kg – teken ved Lakssteinen. Foto: Jan Larsen/Todalshytta

Det rapporteres at det faktisk er sett mykje laks i Toåa det siste døgnet – det var ein av fiskarane som faktisk trudde at det hadde gått opp i elva eit heilt flak på floa det siste døgnet. Det er framleis lite vassføring i elva, og ved målestasjonen ved Storfossen er det i skrivande stund kl 18 rundt 6 m3/sek. Dette er nok i minste laget, men det går godt an å fiske og no ser det faktisk ut til at laksen er «på bett».

 

Publisert: 25. juni 2018, 18:19