Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Plakettfest etter 9 år som aktive medlemmer

Elinor Bolme Fredag 21. mars 2014

Sist laurdag reiste to medlemmer fra Start 4H til Malmefjorden for plakettfest. Dette er ein årleg og høgtidleg seanse for alle 4H’arar i fylket som har fullført og fått alle sine prosjekt godkjent i medlemsperioden. Frå Start 4H var det i år Astrid Longva Kvendset og Marte Talgø som deltok etter å ha vore trufaste medlemmer i 4H-klubben i 9 år. Dei fekk i lag med 14 andre medlemmer rundt om frå Møre og Romsdal utdelt 4H-vitnemålet og plaketten.

Utdelinga foregjekk i bygdehuset Vonheim i Malmefjorden der det først var ein bedre middag etterfulgt av dessert før det vart underholdning og utdeling av vitnemålene. Årets 4H-klubb vart også kåra under festen, og denne utmerkelsen var det Grimstadhøgda fra Tingvoll som fikk. Dette på bakgrunn av det aktive 4H-året dei har hatt.

Foto: Maren Kalset, 4H’ar frå Halsa

Først publisert: 21. mars 2014, 06:32 - Sist oppdatert: 20. mars 2014, 22:54