Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli personleg medlem i dag!

Bli personleg medlem i dag!

Elinor Bolme Måndag 25. april 2011

På årsmøtet til todalen.no 15.mars vart det vedteke at vi skulle prøva oss på personleg medlemskap. Det vil bli to ulike måtar å tegne dette på; ved bankoverføring, eller ved kontant betaling i «kontrollerte» former. Første gongen det blir høve til kontant betaling vil bli under kioskope 2. påskedag på Hals mellom 16 og 18. Da vil nyvalgt styreleiar Sondre Halset sitja der og registrere dei som ynskjer å teikne medlemskap. Prisen er sett til 100 kr i året.

Dei som ikke har høve til å komme på Hals denne dagen, men som veldig gjerne ønskjer å støtte opp om dette, kan benytte seg av ei bankoverføring. Kontonummeret er då 4040 15 70219. Her er det veldig viktig at du i feltet for meldingar skriv KVEN det er som betalinga gjeld, då betalar og medlem ikkje treng vera den same.

Eit personleg medlemsskap i todalen.no gjev ikkje all verdas med fordelar hverken inna hotellovernattingar eller gunstige forsikringsavtalar. Derimot gjev vi tilgang til bruk av aktivitetskalenderen, møterett på årsmøta og ei eigarfølelse for sida. Pluss eit eige medlemskort naturlegvis, som eit synleg bevis. Styret og redaksjonen håpar dette også kan slå an for dei som er brukarar av sida utanfor bygda også.

Velkomne som personlege medlemar!

Først publisert: 25. april 2011, 10:56 - Sist oppdatert: 27. februar 2012, 15:56