Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påsketradisjonar på Nordvik

Elinor Bolme Måndag 26. mars 2018

Nordvik Grendalag inviterer i morgon kveld til sin årvise påskebasar i forsamlingshuset. Her blir det basarbord, åresalg og mykje godt å få kjøpt seg  i kjøkkenavdelinga. 

Torsdag er det klart for seterrenn i strålande sol, der det blir konkurransar både i langrenn, kulerenn og hopprenn for dei aller mest vågale. Til kvelds er det duka for afterski i forsamlingshuset frå klokka 20, med salg av enkle forfriskningar.

 

Publisert: 26. mars 2018, 17:01