Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskeaften – gudsteneste på nett frå Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 10. april 2020

I ei tid der alle gudstenester er avlyst på grunn av smittefaren for koronaviruset er det viktig å være kreativ og løsningsorientert, og finne nye måtar og gjere ting på.  Det har sokneprest Kristin Strand gjort, og lagfredagskvelden var det full aktivitet i kyrkja med førebuing til nett-gudsteneste som altså blir sent via internett påskeaften 11. april kl 23:00.

Frank Spoon Botten frå Dreamfarm studio er nok den digitale krumtappen i heile prosjektet. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalen.no stakk innom ein snartur da førebuingane foregikk.  Frank Spoon Botten er liksom krumtappen i heile prosjektet, og har iallfall mykje erfaring med å handtere lyd frå si verksemd i Dreamfarm studio. Overføring av gudsteneste var imidlertid nytt for han og, men det klarer nok Frank og resten av gjengen når dei har eit døgn på seg før sending.  Og resten av gjengen det er som sagt sokneprest Kristin Strand, tekstlesar Gudmund Husby, organist Bjørn Vevang og solist/salmesong Espen Selbæk.

Her finn du linken til nettgudstenesta i Todalen kyrkje – klikk her, så er du i gang.  Eller kopier og lim inn linken:  https://youtu.be/dunt_ppcve0

Sendinga gikk ført ut via nettet på påskeaften kl 23.00, men sjølv om du gikk glipp av den, kan du enno sjå opptak av gudwstenesta ved å klikke på linken ovafor og du får sjå heile gudstenesta frå starten.

Medvirkande i gudstenesta er Bjørn Vevang, orgel,  Espen Selbekk, song,  Gudmund Husby, tekstopplesning og Kristin Strand, sokneprest.   Bilde og lyd ved sPoon Productions – Frank sPoon Botten.  

Litt prøving før opptaka starter – greit å sjå at alt fungerer. Er du på plass framfor PC’n eller nettbrettet kl 23 på påskeaften så blir du med på premieren. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 10. april 2020, 20:17 - Sist oppdatert: 12. april 2020, 16:11