Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På Vorpneset i lavvo.

På Vorpneset i lavvo.

Elinor Bolme Sundag 15. august 2010

Laurdag til søndag vart det sett opp to lavvoar ute ved Vorpneset. Det var i regi av Start 4H sin årlege overnattingstur. Rundt 15 unge tok turen utover forbi Ansneset for å vera med. Start 4H eig sjølve begge lavvoane som vart bruka, og ungane/ungdomane var delaktige i rigging både opp og ned.

Utover kvelden vart det bålbrenning og grilling, og nokon var på fjorden og fiska. Dette vart i allefall fortalt, då gjengen passa seg sjølve siste del av døgnet. Derfor var dei kanskje dertil trøytte då Jon Olav Roaldset og undertegnande kom utover for å stelle i stand frokost og hjelpe til med oppryddinga. Nokre av dei kunne «stolt» fortelja om minimalt med tid i soveposen.

Under er nokre bileter, dei fleste teke av dei unge sjølv.

Publisert: 15. august 2010, 21:22