Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På tynn is ……

På tynn is ……

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. mars 2012

I dag tidleg var det ein tynn issnerk på Todalsfjorden. Det var nok såvidt kuldegrader i løpet av natta, men det var nok kombinasjonen av mykje kaldt ferskvatn etter all nedbøren dei siste dagane og fullstendig vindstille som gjorde at det det vart ein tynn issnerk. Trur neppe det er tilrådeleg å dra ut på isfiske under slike tilhøve.

Det har vore lite sjøis i vinter, og det kan nok tilskrivast at det har vore landvind i samband med kuldeperiodane. Dermed har sjøisen reist utover fjorden etter kvart.

Publisert: 3. mars 2012, 17:58