Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På kanten!

På kanten!

Elinor Bolme Sundag 27. januar 2013

Mange har i helga vore på sjøisen i Todalen. Fint ver og tilsynelatande fint føre med tjukk is har gjort Todalsfjorden til ein sosial boltreplass både for todalingane og ellers utabygdes. Men ikkje alle er like forsiktige utpå der. Ved Rossåa settefiskanlegg er det eit stort ope hol i isen der settefiskanlegger har sitt utløp. På ettermiddagen i dag var fleire fiskarar observert faretruande nær iskanten.

Monika Klungervik ved Rossåa settefiskanlegg blir sjokkert når ho får sjå bilda av fiskarane, og vurderer raskt kva ho skal gjere. Men som ho seier – Vi kan ikkje gå 24 timar i døgnet å vakte dette holet no som det er is på fjorden. Settefisanlegget er pålagt å merke utløpet sitt, noko vi også har gjort, men skiltet står naturleg nok på land ved utløpet.

Klungervik oppmodar derfor nok ein gong alle skøyte- og fiskeentusiastar om å vere varsomme rundt dette området. Vi veit ikkje kor tjukk isen er her, men at den ikkje er 20 cm der desse står er heilt sikkert!

Isaktivitetar er populært rundt om heile landet for tida, og det er også jevnele innslag på nyhetssendingane om at dette ofte får tragiske utfall. I Fræna gikk det heldigvis godt i dag, melder nrk på sine nettsider: To menn gjennom isen i Malmefjorden

Publisert: 27. januar 2013, 17:06