Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«På kanten av…» for fullt hus

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. desember 2013

Todalen Idrettslag trakk fullt hus med julerevyen «På kanten av..»  3.-dagskvelden. Tidlegare på dagen var det «før-premiere» med 60-70 publikumarar i salen. Under hovudførestillinga om kvelden var ungdomshuset fylt til siste stol, og fotballgruppa som var vertskap rekna med at det var mellom 170 og 180 innafor dørene. Julerevy har lange tradisjonar i Todalen, og dette var eit klart bevis på at disse tradisjonane blir ført vidare.

Det har alltid vore plass til mykje kultur i Todalen, og med habile revyskribentar og aktørar så blir det resultat. Og resultatet vart bra, og applausen og jubelen blant publikum i salen var nok eit sikkert bevis på at dei fekk valuta for pengane, og vel så det! Bra er det også at det er knoppskyting i revymiljøet. I år var det både «gamle tråvarar» og «nye kostar» på scena, og produktet dei bydde til publikum har dei all grunn til å være stolte av.

Eirik Husby var først ut i programmet. Han song to viser han hadde skrive sjølv, og hadde med broren Jan Peter på slagverk denne gongen. Eirik er i ferd med å etablere ein ny stil, med norske tekster, og det vart god mottatt av publikum som var rause med applausen.

Vidare fulgte Ken Marius opp med «drodling» omkring bruken av både nyttig og unyttig statistikk, før Håvard slapp til med sine betraktninger rundt eldreomsoga i kommunen. Nestemann ut var Dan Roger som var økologisk bonde som sleit litt med annonseringa av produkta sine som i hovudsak var grasballar, der både produkt og telefonnummer skapte forviklingar. Mari Fiske var årets gjesteartist. Surnadalsjenta er veletablert beatboksar både i lokale media og på TV. Men ho viste også at ho har andre kvalitetar, da ho med gitar og song framførte eiga vise som ho hadde skrive til 10.-klasse prosjektet.

Etter pausen starta det friskt på igjen med med proffesor Laila Bust’s gjennomgang av kvinnekroppen saman med assistenten sin.  Både Laila og Torill tolka sine roller godt, og fekk mykje applaus og jubel for sitt friske innspel. Laila utviste stor fagleg dyktigheit i rolla som proffesor, og fekk mykje ut av denne skjetsen og gjorde den kanskje til kveldens beste innslag.

Nils Ove fortsette si framhaldssoge frå Stangvikboka. Først med oppsummering av det som hadde skjedd tidlegar, men kvelden sogeinnslag hadde si rot i det som hadde skjedd det siste året, og han tolka hendingane «på indre» med sitt humoristiske skråblikk både på raset, været og andre store hendingar det siste året. Vegtema var det forresten i neste innslag også, der Marte og Inga i full «vegvesenmundur» dreiv med opprydding etter raset og leita ett fornminner. Det viktigaste funnet var ein prosentlappe frå Todalen samvirkaleg.

DSC_7875

Sjå ka e fann – ein prosentlappe frå Todalen samvirkelag. Foto: jon Olav Ørsal

Siste innslag frå scena var Kikki som song avslutningssongen for årets revy. Med seg på scena hadde ho eit litt uvanleg og kreativt klokkespel. Dette hausta dei stor applaus for, og det vart eit verdig avslutningsnummer for ein vital og artig revy.

Etterpå revyen vart det svingom med «Gøy på landet», der duoen Saksen og Bredesen sørga for god og variert dansemusikk. Husets gourmetkjøkken sørga for noko å bite i, og serverte sin Italienske tallerken som slo godt an blant publikum.

«På kanten av…» – bildegallery frå julerevyen 2013 i Todalen ungdomshus.  Alle foto. Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 28. desember 2013, 12:11