Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På historisk grunn på Kvennset

Jon Olav Ørsal Lørdag 20. mai 2017

Laurdag ettermiddag samla Todalen historielag mellom 40 og 50 til historisk vandring på Kvendset, der det først vart sett fokus på historia til Rossåa.
Her har det vore mange store flaumar og fleire kraftverk oppgjennom tida, og det har vore mykje dramatikk med bruer som har reist med flaumen og ein god del dyrkamark som er øydelagt.

Etter storflaumane i 1957 og 1959 vart det i samarbeid med NVE lagt elveforbygging, og dermed vart Rossåa elva temt og ny bru kom på plass. Gamlebrua reiste i flaumen 1957 og i flaumen 1959 reiste ei brukar til nybrua og den midlertidige brua igjen. Dermed tok det tid før ny kom på plass.
Johan Hals fortalte om det gamle kraftverket i Rossåa som vart bygd 1939/40. Det forsynte Kvennset og oppover til Smålandsgrenda og frå Haukåbrua og utover forbi Todalsøra med straum frå ein 80 kW generator. Vassinntaket for kraftverket var ovanfor Rossåfossen, og røyrgata kan ein sjå restar etter enno den dag i dag. I dag er det ved Rossåfossen vassinntak for Rossåa settefisk, der Statkraft driv smoltproduksjon.
I Rosså har det elles vore fleire kvernhus og sagbruk. Dette er det lite og ikkje noko spor etter i dag, så her har ein berre sagn å halde seg til. I 2009-2010 vart det imidlertid bygd nytt kraftverk i Rossåa, der grunneigarane gjekk saman om investeringa. Råssåfoss Kraftverk ligg i fjæresteinane nedanfor Todalshaugen, og har vassinntak i Rossåa på ca 400 m.o.h. her blir det produsert 4,9 mW – og rundt 20 mill. kWh i året i eit normalår. Det skal være nok straum til å forsyne rund 1200 husstandar.


Vidare fortsette vandringa til Sissigrenda, der Gudmund K. Kvendset fortalte om bygdanausta og historia attfor bruken av sjøen og båten på Todalsfjorden. Her vart det både historikk og gode historier og skjønn foreining, før det vart ein lang og god kaffepause ved småbåthamna.
Etter kaffien fortsette marsjen vidare innover Kvennsetøran etter gamlevegen, som går gjennom Kvennsetøran bustadfelt og innover til Myrjaren. Og helt til slutt var det stopp på plassen framfor Matkroken, der Gudmund Kvendset fortalte om bruken av plassen til hestebeite og som leikeplass, og om sommarfjøsa på kvennset som låg der Talgøfabrikken i dag ligg.

Bildegalleri frå den historiske vandringa i Rossåa og i Sissisgrenda.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. mai 2017, 18:35