Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På befaring i samarbeidsprosjektet Toåa tursti

Elinor Bolme Måndag 16. juli 2018

Måndag kveld var styret i Surnadal jeger og fiskeforening på befaring Todalen for å sjå på planane i Toåa Tursti. Styret hadde tidlegare i vår styrevedtak på at inntektene frå fjorårets andelotteri under Laksefestivalen skulle brukast i Toåa Tursti etter invitasjon frå Todalen Idrettslag. I Båthølen er det planlagt ein universelt utforma fiskeplass som skal tilretteleggje for fiskeopplevingar også for dei med funsksjonshemmingar, den einaste i Surnadal kommune så langt.

-Dette er eit veldig bra prosjekt som vi tykkjer det er veldig positivt for oss som forening å være med på, seier leiar i Surnadal Jeger og fiskeforening Ove Magne Aasen. Dette kjem absolutt til å være med på synleggjering og vekst i vår forening, og igjen å være med å utvikle Surnadal meiner han. Og dermed blir prosjektet tilgodesett med ca 100 000 kroner frå SJFF. 

I ei lita bygd som Todalen hender det av og til at ein person kan inneha fleire hattar i foreningslivet. Michal Heimlund er ein av dei. Han er både Todalen IL sin representant i Toåa Tursti, og sekretær i SJFF. Han hadde derfor fått styret i SJFF til å ta kveldens styremøte i Todalen for å få ei grundig oppdatering i prosjektet.

Oppstart ved Bønnavollen. Frå venstre Ragnar Halle (gjest og kjenntmann), Odd Arne Vikavoll, Arne Gujord, Turid Sættem Eggen, Ove Magne Aasen, Magnar Strand og Michal Heimlund.

På tur ned til elva og Båthølen. Ein fin kveld å vise fram bygda på!

Ved gapahuken i Gunnøya vart det pause med styremøte før kveldssola tok kvelden bak Rambjøra.

Gøran Bolme blir SJFF sin mann inn i prosjektet, men kunne dessverre ikkje møte på det oppsette styremøtet. Han kjem sterkare tilbake med ei omvisning saman med fiskeutvalget i foreninga, slik at fiskeplassen i Båthølen blir best muleg tilrettelagt.

Elers kan Michal fortelje at det til no er komme inn godt over 200 000 kroner til prosjektet etter ulike arrangement og ein betydeleg innsats inn mot lokale sponsorar. -Sist veke fekk vi til dømes tilsagn på 10 000 kroner frå Gjensidige Surnadal til prosjektet. Vi har også fleire søknader inne, og håpar på fleire positive tilbakemeldingar utover hausten.

 

Publisert: 16. juli 2018, 23:03