Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På avslutningstur i Petlia

Elinor Bolme Tysdag 27. september 2016

Mandag kveld sette dei unge fotballspelarane på Todalen sitt knøttelag eit punktum for ein innhaldsrik fotballsesong. Ungane med foreldre og søsken avslutta med ein hyggeleg tur på Ja-benken ovanfor Flathaugen. Gjengen møttes i Jostua og tok turen om Husby Vasslag sitt pumpehus, før turen gjekk vidare om den no merka stien gjennom Petlia, som endar på eit fint utkikspunkt over bygda kalla Ja-benken.

img_8614

Her er gjengen samla ved krysset opp til Lauvåfjellet. Klare til å fortsette utover Petlia.

img_8567

Det går ikkje an å ta feil. Nye skilt er komne opp for å vise veg.

img_8616

Natasha forbarma seg over ein liten frosk som nokon hadde vore uheldig å tråkka på…

img_8568

Korrekt!

Edel Terese og Nicole

Nicole og Edel Terese har ingen problemer opp siste kneika frå Vårherres bakgård.

img_8621

Julia hadde baka boller til heile turfølgjet som smakte ekstra godt etter ein slik tur. Serveringa foregikk på den spilder nye benken som Asbjørn Heimlund har sett opp. Benken hadde naturleg nok fått namnet «Nei-benken»…

Etter serveringa gjekk turen vidare ned om Flathaugen og via både veg og åkerkant til Jostua igjen.

img_8619

Ta turen du óg, og nyt Todalen frå eit nytt perspektiv!

.

 

Først publisert: 27. september 2016, 07:00 - Sist oppdatert: 26. september 2016, 21:53