Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Øyalia – fint turområde

Dordi Jorunn Halle Onsdag 4. mars 2020

Oppover Øyalia går det ein fin skogsveg som er godt eigna til turgåing både sommar og vinter. Det er fin stigning med slake bakkar, men bratte nok til at ein kan få opp pulsen. Vegen går i store svingar oppover lia, slik at det blir utsikt ulike retningar mot bygda og fjella. 

Utsyn mot Hala og Husby. Fremst Øyann og Todalen oppvekstsenter. Foto: Dordi J H                                                                       Måndag 2. mars var det Kløvertur i Øyalia, det vart ein retteleg fin og god trimtur. Snø etter vegen, men godt fotfeste. Attåt var det så god tømmerlukt ved dei store tømmer-lunnane. 

Kløverturgjengen i Øyalia. Frå venstre: Synnøve, Jorunn, May-Elisabeth, Helen, Arndis, Marit, Åse, Anne Helene, Sigrun, Ester Karin og Kari. Foto: Dordi J H

Ved postkassen med trimbok. Foto: Dordi J H

Trimbok og benk er det også eit stykke oppe i lia, og går ein vegen til endes, blir det ei rett så god trimøkt! Der skogsvegen sluttar, er det no oppkjørt skidåre i retning skihytta. 

Fleire bilete frå Øyalia:

Kvernhaugen, Byteng, Ungdomshuset, Tovbu og Øya fremst. Mot himmelen Ytre og Indre Sulå. Foto: Dordi J H

Blåfjellet, Litjfjellet og Rambjøra. Snøfokk oppå Vassnebbå. Foto: Dordi J H

Det lukta så godt tømmer! Foto: Dordi J H

Turen startar ved Ungdomshuset. Foto: Dordi J H

Publisert: 4. mars 2020, 00:00