Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Overveldande oppmøte

Elinor Bolme Torsdag 8. mai 2014

Langt over 30 personer møtte i går kveld opp på Bordholmen for å delta på eit enkelt førstehjelps- og hjartestartarkurs. Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som sto som arrangør var overvelda over antall frammøtte. Ikkje minst var det veldig positivt at absolutt alle aldersgrupper var representerte. Hjartestartar Hjartine som tidlegare har vore forvalta av Todalen brannvesen, vart denne kvelden oppmontert i eigen skåp inne i gangen på Bordholmen, og skal auke beredskapen ved alle idrettsarrangement ved fotballanlegget.

Kurshaldarane Ivar Bolme og Arnt Ivar Brøndbo hadde fått med seg Jan Ove Bævre frå ambulansetjenesta i Surnadal for å bistå under kurset. Dei hadde med både øvingsdukker og hjertestartarar som alle dei frammøtte fekk muligheit til å prøve. Sidan det var så stort oppmøte vart deltakarane delt inn i to grupper for best effekt. Dei aller fleste drista seg frampå for å utføre hjerte lunge redning (HLR) under kyndig veiledning. Lista var lagt slik at alle vart trygg på kva ein skal gjere om ein kjem ut for ei ulykke eller akutt sykdomstilfelle. Det viktigaste er ikkje det at ein skal gjere jobben perfekt, men å gjere poengterte alle dei tre kurshaldarane. Det er som dei fleste veit, viktig å komme i gang med HLR snarast rå når ein er i kontakt med bevistlause personar.

Det er intensjonen at dette blir eit årleg tilbud frå omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening i lag med kurshaldarar frå det lokale brannvesenet. Surnadal kommune som tidlegare lyste ut ledig konstabelstilling i Todalen har no for øvrig tilsett Arnt Ivar Brøndbo i denne stillinga  frå juli etter at Knut Halset går ut grunna nådd pensjonsalder i brannetaten.

Under er eit rikhaldig galleri frå kvelden. Alle foto ElinorB

Publisert: 8. mai 2014, 08:00