Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Over Sognefjellet og litt til…

Over Sognefjellet og litt til…

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juli 2013

Det er nok mange som har teke vegen over Sognefjellet på tur til eller frå Sogn. Ein periode var det mange her frå traktene som jobba på Årdal- og Sunndal verk som det heitte den gongen. Da vart Sognefjellet kortaste vegen til Årdal på sumars tid. Vegen gikk da over Dovre til Otta, og oppover ottadalen til Lom. Derfrå over Sognefjellet til turtagrø og så vidare etter bomvegen over til Øvre Årdal. No er Sognefjellvegen såkalla nasjonal turistveg, frå Lom til bygdene innerst i Lusterfjorden.

I omtalen på nettsida for nasjonale turistvegar står det: «Denne reisa med lange ferdselstradisjonar mellom aust og vest, køyrer du over Nord-Europas høgaste fjellovergang på 1434 meter over havet. Sognefjellsvegen går frå frodige kulturlandskap i Bøverdalen i aust, via høgfjellsplatået med vidsyn til isbrear og mektige fjell, ned igjen gjennom dalar til det inste av Sognefjorden og stille bygder i vest.»

I slutten av juni gikk turen over Sognefjellet, og med nokre ekstra stopp vart det til eit lite bildegalleri, som startar i rundkjøringa på Lom, og sluttar ved galåbreen i Fjærland. Litt regnvær utover Sognefjorden gjorde at det var ein «tansportettappe» frå Luster til Fjærland. Det vart også litt for dårleg tid til dokumentasjon av nokre av bilda, men tek dei med likevel. Frå Todalen til Fjærland er det ca 45 mil, og det tek rundt 7 timar i lovleg fart, men pausar må du legge til.

Frå Lom til Fjærland – eit assortert bildegalleri.  Alle foto. Jon Olav Ørsal

Først publisert: 26. juli 2013, 15:54 - Sist oppdatert: 27. juli 2013, 10:41