Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Over 40 på stavgang på Årnes

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mai 2017

Godt oppmøte pregar årets stavgangsesong – torsdag var det over 40 som deltok da Pensjonistlagets stavganggruppe treftes på Årnes.  På Årnes var det som vanleg ein trimtur i nærmiljøet, der den enkelte sjølv kunne bestemme mål og retning, og kanskje berre nyte finvêret.

Trimtur med utgangspunkt frå Årnes. Foto: Sigrun Ørsal

Etter stavgangstrimmen vart det ein lang og god kaffepause på Kalkstranda, før den enkelte returnerte heimatt – kvar åt seg.  Neste tur går til Todalen og Brusetmarka, med oppmøte ved Gammelfabrikken. Her er det mange alternativ for trimturar og etterpå blir det sjølvsagt kafferast i parkanlegget ved Gammelfabrikken.

Bilder frå stavgangturen på Årnes og frå kafferasten på Kalkstranda.  Alle foto: Sigrun Ørsal

Publisert: 12. mai 2017, 05:00