Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen oppvekstsenter

Foreldrearbeidsutvalet for Todalen oppvekstsenter

Styret i FAU 2014/2015:
Leiar: Ingeborg Myrvang
Nestleiar: Bjørn Hauglann
Sekretær: Inger Astrid Moen
Kasserar: Einar Talgø
Medlemmer: Tove Talgø Brøndbo, Bjørn Gunnar Ansnes, Karin Halle, Siri Skjerve og Anders Karlsen

Først publisert: 19. november 2009, 16:20 - Sist oppdatert: 26. november 2014, 16:35

Nyheter knytta til Todalen oppvekstsenter

Side 3 av 1312345...Siste »

Juleavslutning

Elinor Bolme Mandag 12. desember 2016

Årets juleavslutning for Todalen oppvekstsenter nærmar seg.  Dato er førstkommande torsdag, den 15. desember. Elevane har nok førebudd seg ei lita stund no, og håper at så mange som muleg har høve til å ta seg ein tur på skulen.  


Førsjulstreff med saltkjøttmiddag og nissebesøk – ei levande bygd!

Jon Olav Ørsal Søndag 11. desember 2016

Det vart ei triveleg førjulssamling i ungdomshuset søndag. Krafttak for kratt var dagens tema, og jammen vart det eit krafttak. Rundt 25.000 blanke kroner kom inn til aksjonen som skal settast i gang når det lir til vårs. Da skal krattskogen til pers. Kjøkkengjengen fikk salg på 80-90 porsjonar med saltkjøtt og kårabistappe, og det var god stemning og praten gikk lett rundt borda…..


Ventetida er her, og nye tradisjonar blir til.

Elinor Bolme Onsdag 30. november 2016

Denne veka kom det som kanskje har vorte ein tradisjon i skulen på plass igjen. Eit stort bjørkehjerte som lyser mot dei som kjem til oppvekstsenteret. Både for tilsette, elevar, barnehageborn og foreldra som fer inn og ut porten morgon og sein ettermiddag.


Har ført strikkekunnskapen vidare

Elinor Bolme Lørdag 19. november 2016

Tidlegare i haust gjekk Todalen Skule ut med etterlysning av strikkeglade damer som kunne være med hjelpe til i formingstimane. Responsen var god, og to til fire damer møtte kvar fredag utover hausten. Både ungane, strikkehjelparane og dei tilsette har hatt det utrolig koseleg disse stundene på fredagane fortel Randi Helene Husby frå skulen.


YFF ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Torsdag 10. november 2016

Sindre Fiske og Robin Tørset Brøske starta i haust på Surnadal vidaregåande skule på Vg 1. Båe to har valt utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag.


Bokkveld med aktivitetar i biblioteket

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. november 2016

I kveld klokka 17.30 – 19.00 markerer biblioteket i Todalen at det er nordisk bibliotekveke 2016. Karen Johanne og Britt har rydda plass til ein masse nye bøke, og elles blir det både høgtlesing og leseløype. – Og FAU spanderer bollar og kakao til ungane og kaffe til dei som er litt større.


Todalen Skule i 2040

Elinor Bolme Fredag 21. oktober 2016

Tirsdag kveld var foreldre og tilsette ved Todalen Oppvekstsenter samla for å sjå litt inn i tida med tanke på korleis ein vil at oppvekstsentret skal vere i 2040. Kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik kom og held ei innleiing omkring eit prosjekt kommunen no har på gang; «Sammen skaper vi fremtiden».


Human knitting på skulen

Elinor Bolme Onsdag 19. oktober 2016

I går hadde 3. til 7.klasse på Todalen Skule besøk av Ingun Myrstad med «Human Knitting Machine» frå Den Kulturelle Skolesekken. Elevane fekk oppleve strikking på en helt ny måte, og brukte seg sjøv som ei levande strikkemaskin.


Elinor Bolme Søndag 9. oktober 2016

Frå faglærar Siri Skjerve ved Todalen skule har vi fått ein liten «kontaktannonse» der ho etterlyser nokon som kan være med å lære dei minste skuleklassane å strikke etter haustferien.


Velg i 9000 titlar på bibliotekfilialen i Todalen

Jon Olav Ørsal Mandag 26. september 2016

Karen Johanne er forlengst i gang i gjen etter sommarferien. Bibliotekfilialen i Todalen er open kvar måndagskveld frå 18.00 – 20.00. Da vi stakk innom bibliotekfilialøen i kveld var Karen Johanne i full aktivitet med å sortere ut gamle bøker for å få på plass nye aktuelle titlar i hyllene. Med 3 timar kvar veke til rådigheit tek nok dette arbeidet litt tid, men alle bøkene skal få sin plass etter kvart, seier ho.


50 år – feira seg sjølve i helga

Jon Olav Ørsal Lørdag 3. september 2016

I august 1966 var 1953-kullet dei aller første til å flytte inn på nybygde Stangvik skule som ligg ved det gamle Melhuskrysset. Skulen var så uferdig enno, at dei måtte balansere gjennom gangen på plankar for å kome seg inn på klasserommet. Laurdag var 18 av dei 26 elevane i klassen tilbake for å feire at det er gått 50 år sia dei starta på sitt 7. og siste år på barneskulen.


Stakk til skogs

Elinor Bolme Torsdag 25. august 2016

Allerede på andre skuledagen benytta elevar og tilsette ved Todalen oppvekstsenter det fine vêret og tok ein utedag. Naturleg vis ikkje ein fridag, men ein dag med fagleg innhald tur retur Tårnet. Elevane vart frakta opp skogsvegen i Øyalia, og gjekk det siste stykket opp.


Side 3 av 1312345...Siste »