Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen oppvekstsenter markerte den internasjonale bakelsdagen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. mars 2021

Torsdag 25.mars vart den internasjonale bakelsdagen markert over heile landet. Todalen oppvekstsenter markerte sjølvsagt dagen, men det var i år, på grunn av kononaen, eit todelt arrangement, der 1. – 4. årstrinn steikte bakels ute over bålpanne, medan 5. – 7.årstrinn steikte bakels inne. Det var dei yngste elevane som laga bakelsrøre til alle. 

Heile dette skuleåret har 1. – 4.årstrinn hatt uteskule på torsdagar. Sjølv den internasjonale bakelsdagen kunne ikkje endre på dette, så Torill Gjeldnes og Randi Husby tok fram bålpanna og det gamaldagse bakelsjarnet for å steike bakels ute denne dagen. 

Bakelssteiking på bålpanne. Foto: Torill Gjeldnes

Medan Torill og Randi steikte bakels, hadde elevane natursti, slik at ventetida ikkje skulle følast så lang. Bakelsa vart servert med syltetøy og rømme, og var ifølge elevane dei beste bakelsa dei hadde ete den dagen! 

Nedanfor kan du sjå to bilete frå naturstien.

På fredag hadde 1. – 4.årstrinn påskeverkstad fram til lunsj,  medan det etter lunsj var det 5. – 7.årstrinn som fekk utfald for sine kunstnariske talent. 

Nedanfor kan du sjå bilete av påskepynt elevane har laga i kunst og handtverk. Lærar i faget er Marit S. Lediard.

Først publisert: 28. mars 2021, 08:00 - Sist oppdatert: 27. mars 2021, 12:52