Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulstuå i Todalen

Foreininga Venner av Skulstuå i Todalen er ei støtteforeining for stiftinga Skulstuå i Todalen.
Foreininga skal arbeide for at Skulstuå i Todalen skal:

  • vere eit kulturminne og ein samlingsstad for alle
  • vera ein open møteplass for lokal-, regional-, nasjonal- og internasjonal kulturutveksling
  • huse møteplass for lag, foreiningar og organisasjonar
  • syna bygda si lange skule- og kulturhistorie, frå første fastskule i 1860-åra (Skulstuå) og fram
    til i dag
  • synleggjera at dette er barndomsheimen til forfattaren og folkemusikar Leif Halse

Styre: 

Ragna Kvendset (leiar)

Jon Olav Roaldset

Sissel Halset Storslett

Siri Skjerve

Line Kvendset  

Først publisert: 13. desember 2011, 12:55 - Sist oppdatert: 3. juni 2025, 14:11

Nyheter knytta til Skulstuå i Todalen

Bøt&bedring i Skulstuå i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. september 2025

Torsdag 18.september kl.18 startar vi oppatt med bøt & bedring oppi Skulstuå.  Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt. Kortstokken er nyblanda og klar for eit slag amerikaner.


Interessant og vellykka kulturdag i Skulstuå

Dordi Jorunn Halle Laurdag 30. august 2025

Sol ute, interessant og lærerik dag inne. Skulstuå i Todalen inviterte til kulturdag laurdag 30. august med foredrag om lærar og kyrkjesongar Kristian Halse.



Spansk aften med ekte paella gjorde susen

Jon Olav Ørsal Sundag 10. august 2025

Det var Siri Lund og ektemannen Francesc som inviterte til spansk aften i Skulstuå. På menyen stod det ekte spansk paella og dette trekte tilnærma fullt hus i Skulstuå.  – Siri og Francesc bur begge i Alfaz del Pi i Spania, den ho arbeider som norsklærar og han er spansklærar – kokkeleringa skjer på hobbybasis, men dette fekk vi erfare at var ein god kombinasjon.


Spansk aften i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. august 2025

Har du lyst til å smake paella og anna spansk mat, spør Francesc og Siri frå «piratskulen» i Holatrøa.  Dei har mange gong arrangert spansk aften med Tapas på pakkhuset, men denne gongen er det altså paella og Skulstuå som står på programmet. Dei to inviterer altså til spansk aften i Skulstuå laurdag 9. augst i tidsrommet 18:00 – 21:00
Spansklærar Francesc og norsklærar Siri frå «Piratskolen» i Holmatrøa inviterer til spansk aften   med spansk mat og god todalsk piratstemning!


Bli med i Venner av Skulstuå i Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 7. juli 2025

Skulstuå i Todalen er eit kulturhus for alle – eit hus som og rommar den frie kunsten og den frie tankje, in spe og i all sin prakt.  No er det tid for medlemskontingent.
– Medlemskap er ein viktig del av drifta vår – takk til alle som støtter oss! Medlemmar blir tilsendt eit vippskrav for medlemskap i 2025.
Vi ønskjer nye medlemmar hjarteleg velkomne!


Spennande dag på open verkstad i Bekkerhagan

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. juni 2025

Laurdag hadde Skulstuå ein «sprett-opp-kafé» i Bekkerhagan, med nykoka kaffe og eit rikhaldig kakebord. Her fekk besøkjande ta del i den livlege samtalen rundt langbordet etter at dei hadde vore innom verkstaden til kunstnar Siri Skjerve. I verkstaden fekk dei mellom anna høyre om korleis Siri behandlar skinna ho brukar i skulpturane sine, der nokre av døma var råhud som har vore lagt i Toåa for avhåring, medan andre var feittgarva med hjerne. 


Utstillinga FISK i Skulstuå i Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2025

Kva med ein ut oppi Skulstuå i finveret i helga? Utstillinga FISK står i heile sommar og laurdag 14.juni frå kl.13 til 16 er den igjen opa, som og annonsert i Driva.  Det er Ingvar Ortega Redalen (f.2012) som har teikna fiskar frå både nære og fjerne havstrøk, her kan du sjå både regnbogeaure, brisling, havmus, slimål, storskat, gjøkskate, tagghai og kval og mange fleire fiskeartar.



Utstillinga «FISK» i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mai 2025

Skulstuå i Todalen har invitert Ingvar Ortega Redalen (f. 2012) til å stilla ut teikningar frå studia hans av fisk frå både salt- og ferskvatn. Velkomne til Grand Opening 16.mai kl.18.00. Det blir kanskje ein tale, men heilt sikkert sal av steinomnstekt pizza og sjokoladekake. Kunstnaren vil vera tilstades.


Det blir igjen «bøt og betring» i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Måndag 7. april 2025

Det blir igjen «bøt og betring» i Skulstuå, tysdag 8.april kl.18.    Triveleg treffstad for å slå av ein prat samstundes som ein får bøta klede, som får lengre levetid. Igjen ein kveld der berekraft har fokus – Spelekroken er og klar med kort, yatzy og kinasjakk. Sal av kaffi/te og kveldsmat.  Alle er  hjarteleg velkomne! […]


Bøtarkveld med hyggeleg overrasking

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. mars 2025

Tysdag kveld var det bøt og betring i Skulstuå igjen, og slik som sist var det ymse aktivitetar for dei som møtte opp.  Ein bøtargjeng bruka stoppnåla og prøva seg fram med stopping og resparasjon for gjenbruk som no er topp moderne.  Elles var det både Yatzy og «Amerikaner» og faktisk var det ogs kaffelag med mykje godt attåt.  Og så var det ei stor overrasking….