”Godt mot” tyder ”godt møte”. Ei anna tyding er ” å ha god tru på”.
Vi tykkjer godt mot inneheld det vi vil med prosjektet vårt:
gjere bygda vår attraktiv å bu i, og å gjera kvarandre gode!
Hva er bygdemobilisering?
Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivst og ungdom finn ei attraktiv framtid.
Satsinga skal stimulere til auka trivsel, entreprenørskap og etablering av lokale arbeidsplassar, kort sagt: Medverke til at bygda også framover blir ein attraktiv buplass. Bygdemobiliseringa er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal og entreprenørskapsprogrammet hoppid.no.
Nyheter knytta til Godt mot, Todalen

Optimistiske todalingar
Onsdag var det tid for årets optimistkonferanse i Rindal. Godt mot, Todalen hadde fått med todalingar på konferansen, og i todalsdelegasjonen var det 12 personer. I tillegg var det andre todalingar som hadde tatt turen utanfor Godt mot sitt initiativ. Konferansier Arild Hoksnes leia oss på muntert vis gjennom fem timar med motivasjon og optimisme.
Les heile saka
Bli med på Optimistkonferanse
Godt mot, Todalen har meldt på 20 deltakarar på Optimistkonferansen, som arrangeres 30. juni i Rindal. Dei håpar at mange todalingar har lyst til å vera med. Meld deg på todalsdelegasjonen ved å kontakte Ståle Ansnes på tlf 90 16 22 80 – Godt mot, Todalen sponsar deltakaravgifta.
Les heile saka
Farra fjor’n, nok ein suksess.
Todalen.no rekk desverre ikkje vera med på alt som foregår i dei levande bygdene, difor lyt vi alliera oss med andre i enkelte høve. I den anledning guidar vi dykk vidare til http://www.alvundfjord.no for å sjå bileter etter arrangementet «Farra fjor’n» som var arrangert i går.
Les heile saka
Sommarturne med Farra fjor’n
Laurdag dreg Jon Husby og Hans Gundersen på sommarturne med trekkspell og saksofon. Turneen startar på Pakkhuset Pub i høve at Ålvundfjord bygdelag kjem på besøk med «Farra fjor’n», som er ei årleg utflukt dei har til ei av nabobygdene. Der skal musikarane underhalde medan gjestane får ein matbit og litt forfriskning, før dei dreg attende til Ålvundfjorden for å fortsette programmet.
Les heile saka
Farra fjor’n – bli med til Ålvundfjorden
Laurdag 12. juni inviterer Ålvundfjord Bygdelag på nytt «Farra Fjor’n-arrangement». Det heile startar med at bygdelaget arrangerer tur til Todalen, der dei skal besøke Svinviks arboret. Vidare går turen til Todalen ungdomshus og vidare til Pakkhuset Pub for mat og drikke. På turen attende iviterer dei Todalingane til å bli med til fest i ungdomshuset Fossheim. Turen går via Hals-tunet og Steinsvoll til Fossheim.
Les heile saka
Vil «farra fjor’n» åt Todala 12. juni
Ålvundfjord grendalag arrangerte ”Farra Fjor’n” for første gong i fjor sommar. Dei samla da 110 personar med smått og stort, og dro til Stangvik på besøk. I år vil dei fortsatt halde seg innafor ”gamle Stangvik” og drar andre vegen til Todalen på besøk. Laurdag 12. juni er det klart for avgang i retning Todalen, der dei har aliert seg med bygdemobiliseringsprosjektet ”Godt mot, Todalen”.
Les heile saka
Kappekurs i helga
Kappekurset er eit ledd rekka av skogskursa som gikk i haust og i vinter. Kappekurset startar fredag kveld med teoridel i skulen frå kl 20.00 – 22.30, og forsetter laurdag med praktisk del av kurset i Øyalia frå 10.00 til 15.30.
Les heile saka
Skogskursa ferdig – planer om nytt seinare
Siste veka vart det arrangert to kurs, eit i stell- og eit i bruk av motorsag. Kursa har kome i stand i samarbeid mellom Godt mot, Todalen og skogbruksetaten i Surnadal kommune. Det var Sven Olav Svinvik som var kursansvarleg og Ingebrigt Landsem frå Rindal som instruktør.
Det praktiske øvingane har foregått i ein granbestand hos Ståle Ansnes, ovanfor husa til Nils Øyen, Hjellan.

Kurs: Motorsag og hogstteknikk – Meld deg på no!
Godt mot, Todalen kjem med 2 nye kurs utover ettervinteren. Det er kurs i stell av motorsag, og kurs i hogsteknikk. Det er plass til 5-6 deltakarar pr. kurs, og det kan bli to kurs dersom det blir nok deltakarar.
Les heile saka
Kokkekurset i mål
«Kokkekurs for karra» hadde siste kurskveld måndag 7. desember. Kurset har gått over 3 kveldar på Hammestuene med Tor Rune Halset som kursledar.
Les heile saka«Kokkekurs for karra» er i gang
I regi av «Godt mot, Todalen» arrangeres det kokkekurs for «karra». Kursledar er Tor Rune Halset på Hammestuene, og kurset skal gå over 3 kveldar i november.
Les heile saka
Kurs i lauvskogrydding igang
Det første kurset i lauvsskogrydding er i full gang. 5 habile kursdeltakarar satt fredag kveld på skulebenken for å fylle på med teori, både om sikkerhet og mellom anna biologi. Laurdag var det praktisk skogsarbeid med lauvskogrydding i Svinvika og søndag er det praksis i stell av plantefelt.
Det er rindalingen Ingebrigt Landsem som er kursledar på kurset som går i regi av «Godt mot, Todalen».