Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eldremiddagen

Kvar onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset. Dette er eit tilbod som har vore fast her i Todalen sia februar 1990. Det var Jon Lunde i si tid som var eldsjela til dette positive arrangementet, og med seg på laget hadde han kokkane Jenny Kvendset og Olina Halle den første tia.

No er det Eldregruppa i Todalen som tek av seg det administrative rundt middagsserveringane som går føre seg kvar onsdag i Sanitetshuset. I dager det Anne Moe som er leiar, medan Martinus Torvik er både sekretær og kasserar.

Kvar onsdag er det altså rundt 20 eldre som møtes til dekka bord og god servering. Dei betaler litt for seg, slik at det heile skal gå i rundt, men i tillegg har Eldregruppa og fått midlar til drift frå Svorka, Surnadal Sparebank og Surnadal kommune via dei ulike midlane dei deler ut. I 2008 fekk dei også tilskudd frå kulturavdelinga i fylket. Då gjorde gruppa litt stas på medlemmene sine ved å dele ut gåstavar til dei som ville ha.

Publisert: 30. oktober 2010, 15:20

Nyheter knytta til Eldremiddagen

Eldremiddag med ambulansebesøk

Eldremiddag med ambulansebesøk

Ole Petter Talgø Onsdag 8. september 2010

Under dagens eldremiddag, som blir arrangert kvar veke i sanitetshuset, var det besøk frå ambulanse for å visa fram hjartestartaren som er innkjøpt i Todalen. Det var Arnt Ivar Brøndbo og Kari Halle som var på besøk, i tillegg til Ivar Bolme fra Todalen Brannlag.

Les heile saka

Eldremiddagen medlem i Todalen.no

Eldremiddagen medlem i Todalen.no

Jon Olav Ørsal Fredag 3. september 2010

Sekretær i «Eldremiddagen» Martinus Torvik skriv i ein e-post til oss at dei ønskjer å bli medlem i Todalen.no. Det takkar vi for, og ønskjer dem velkomne som medlemar! Vi har no etter kvart vorte mange og fleire er i kjømda. Eldremiddagen starta på igjen etter sommarferien sist onsdag, og da var dei 20 i talet som var samla i Sanitetshuset til bacalao, og kaffe etterpå.

Les heile saka

Eldremiddagen startar på igjen

Eldremiddagen startar på igjen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. august 2010

Onsdag den 1. september kl 13.00 startar «Eldremiddagen i Todalen» opp etter sommarferien. Kokkar og matrettar vil vera attkjennande og staden er fortsatt Sanitetshuset. Vel møtt til gamle og nye gjester kvar onsdag kl. 13.00 framover hausten, skriv ledar for Eldremiddagen, Martinus Torvik i e-post til Todalen.no

Les heile saka

Sesongavslutning i eldremiddagen

Sesongavslutning i eldremiddagen

Reidar Østvik Onsdag 2. juni 2010

Eldremiddag-gruppen feiret i dag, 2. juni, sesongavslutning med en middag på Todalshytta, hvor det ble servert fårikål og kaffe etterpå. Gruppa er høyst oppegående, og praten rundt middagsbordet omfatter en rekke tema.

Les heile saka

Ordførar og rådmann på eldremiddagen

Ordførar og rådmann på eldremiddagen

Ole Petter Talgø Onsdag 26. mai 2010

Eldremiddagen som blir arrangert kva onsdag utanom ferie og høgtid fekk i dag besøk av ordførar Mons Otnes og rådmann Geir Vikan. Martinus Torvik, som innleia til måltidet takka for besøket og var glad for at dei fekk regelmessige besøk frå kommunen.

Les heile saka

Eldremiddagen – årsmøte og feittysdag

Eldremiddagen – årsmøte og feittysdag

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. februar 2010

Eldremiddagen i Todalen var onsdag samla til årsmøte og «feittysdag» i Sanitetshuset. Dei er ein trufast gjeng som samlast her kvar onsdag utanom ferietida, og jul- og påskeferien. Da serveres god og variert husmannskost og dette er organisert etter sjølvkostprinsippet, og da serveres det 3-retters middag for 75 kroner. Når det er luksusmiddag som kjøtt og påsse og julemiddag kostar det 100 kroner, fortel det nyvalde styret i eldremiddagen Anne Moe (ledar), Brit Nordvik (styremedlem) og Martinus Torvik (sekretær og kasserar) til Todalen.no.

Les heile saka

Eldremiddagen starta på igjen….

Jon Olav Ørsal Fredag 15. januar 2010

Vi har fått e-post frå «eldregeneralen» Martinus Torvik. Han skriv:
«Eldremiddagen starta opp att sist onsdag kl 1300. Menyen var «Jegergryte» (rester frå Hjortfesten),
Sviske-/Aprikos-/Rabarbragraut m/fløyte til desset og til slutt kaffe m/blautkake og julbrød. Vi var 28 til bords med Brit og Grete som kokkar. Måltidet med prat og song varte til kl 1600.


Eldremiddagen startar på igjen….

Jon Olav Ørsal Fredag 8. januar 2010

Frå «eldregeneralen» Martinus Torvik har vi fått e-post med orientering om ny runde med eldremiddag i Sanitetshuset. Han skriv at eldremiddagen no går inn i sitt 20. år og helsar både gamle og nye gjestar velkomne.