Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ordnar seg på neste vår

Ordnar seg på neste vår

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. juli 2012

Torsdag var det fotosession på Talgø. Det er neste års kolleksjon av hagemøblar som har vore i «eldlinja» til fotograf Nathan Lediard, og fotograferinga foregikk på Talgø gard. Ein heil gjeng frå marknadsavdelinga på Talgø var engasjert i prosjektet, og produkta høyrer til den populære Talgø OutLiving-kolleksjonen.

Det vart rigga opp miljø med bord, stolar, leveggar, gjerder, treheller og alt som høyrer til. Det var pådekt og klart til å gå til bords når fotomodellane gjorde seg klar til «skot» frå fotograf Lediard. Fotografen hadde med eiga sol, så sjølv om det var overskya fekk han til skikkeleg sommarstemning og «solgløtt» når sette i gang med fotoopptaka.

Marketingsjef Heid Snekvik seier at ein må liggje godt i framkant med dette arbeidet, for innsalget til neste sesong har foregått no, og alt materiell som skal brukast i marknadsføringa må være klart i god tid før neste salgssesong tek til neste vår. Det blir vinterarbeid og vi får vel sjå resultetet av dette arbeidet når det lir mot vår i 2013.

Publisert: 5. juli 2012, 21:28