Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opus 7217 – fengande og flott konsert i Ungdomshuset!

Dordi Jorunn Halle Fredag 27. juli 2018

Den 13. Stangvikfestivalen tjuvstarta i Todalen ungdomshus torsdag kveld. Det var stappfull sal da festivalsjef Jo Inge Nes opna årets festival, og det var varmt både inne og ute. Unni Boksasp Ensemble stod på scena og tok publikum med på ei spesiell og spennande musikalsk reise – Opus 7217!

Kjempekveld i Ungdomshuset med dyktige og sprudlande musikarar. Frå venstre: Trygve Brøske, Magne Vestrum, Unni Boksasp, Håkon Mjåset Johansen, Guro Kvifte Nesheim. Foto: Jon Olav Ørsal.

Utgangspunktet for framsyninga Opus 7217  er Edvard Griegs verk «Slåtter for klaver, opus 72» – dette verket er basert på 17 feleslåttar av storspelemannen Knut Dahle (1834 – 1921) frå Tinn i Telemark. Unni og ensemblet hennar fortalde historia om Knut Dahle og Edvard Grieg med musikalsk teater – det var underhaldande og spennande. Kort fortalt så var Knut Dahle redd for at slåttane hans skulle gå i gløymeboka når han sjølv ikkje kunne spele dei lenger. Så han sende brev til sjølvaste Edvard Grieg og bad om å få spele slåttane sine for Grieg slik at han kunne skrive dei ned, men det kom ikkje svar. Knut gav seg ikkje og sende to brev til og fekk endeleg svar: Han kunne dra inn til Kristiania og møte Johan Halvorsen som ville skrive ned slåttane. Slik vart det, men Knut Dahle fekk aldri møte Grieg.

Guro Kvifte Nesheim. Foto: Jon Olav Ørsal.

Ensemblet framførte historia med forteljing, song og musikk – med engasjement og innleving, framifrå samspel og flott musikk! I bakgrunnen var det interessante historiske bilete; både av Grieg, Dahle, landskap. Det vart eit spennande møte med både menneske, musikk og kultur. Publikum vart rive med, og applausen var stor både undervegs og til slutt!

Artig var det at Knut Dahle som var så bekymra for om musikken hans skull leve vidare, opplevde at det vart gjort opptak av at han spela i 1912 – på voksrull; vi fekk altså høre han i originalopptak – det var spesielt! Vidare vart to barnebarna hans habile felespelarar. Tekstene som vart nytta, var delvis breva som Dahle og Grieg skreiv og delvis nyskrivne tekster av Unni Boksasp – dette vart ei fin historie. Altså vart det ein sjeldan fin kveld i Ungdomshuset.

Unni Boksasp. Foto: Dordi J H

Unni Boksasp

Unni bur i Tinn i Telemark, men er fødd i Straumsneset og har ofte turnert her på Nordmøre. Ho fortel at ho fekk interesse for folkemusikk, song og folkedans alt da ho var lita jente. Både ho, foreldra hennar og dei to søstrene var aktive medlemer i ungdomslaget med barneleikarring, teater og revy. Om somrane var dei på landsstemne i Noregs Ungdomslag, det var eit eldorado for henne med interesse for folkedans, gammaldans, felespel, song og musikk. Ho song også i kor med Tor Strand som dirigent, da song dei ofte folketonar arrangert av Henning Sommero. Ho har studert ved Raulandsakademiet, Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk. Unni er mor til fire gutar, to av dei spelar fele og er også med i folkedansgruppa «Tinndølan».

Triveleg på den nye plattingen ved Ungdomshuset. Foto: Dordi J H

Teknisk arrangør: Toåa Tursti

Festivalsjef Jo Inge Nes var svært godt fornøgd med kvelden; flott konsert, mykje publikum, god stemning og triveleg hus; han gav også stor honnør til dei lokale arrangørane, «Toåa Tursti», for vel utført arbeid. Elinor Bolme, som var leiar i komiteen, rettar ein stor takk til dugnadsgjengen og alle som har hjelpt til med baking og koking av rabarbragraut. Kjekt at både fastbuande og folk som er heime på ferie, stiller opp!

Dette vart ein flott kveld, og vi ønskjer Stangvikfestivalen lykke til med resten av helga!

Fleire bilete her:

 

 

 

Publisert: 27. juli 2018, 01:38