Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppstart med strikkekaffe igjen

Elinor Bolme Måndag 29. august 2016

Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 3. september oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om  du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.

Todalen Sanitetsforening har sin årlege basar den 2. oktober. Om det er nokon som vil strikke gevinstar av garnlagert til sanitetsforeninga er dei hjerteleg velkomne til det. Da kan ein møte opp på laurdag mellom klokka 13-16 å ta med seg garn melder styret.

Dei øvrige datoane for strikkekaffeen før jul er:

  • 1. oktober
  • 29. oktober
  • 26. november
Først publisert: 29. august 2016, 13:51 - Sist oppdatert: 5. september 2016, 20:04