Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I veke 4 tek koronavaksineringa av heimebuande over 85 år til

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. januar 2021

Neste veke (veke 4) startar Surnadal kommune så smått opp med koronavaksinering av dei som er over 85 år, og som bur heime. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen for å få tilbod om vaksinering. Dei det gjeld blir kontakta på telefon innan tysdag 26.januar klokka 16:00.

Dei 25-30 personane som er i den første pulja vil bli oppringt av kommunen med tilbod om å vaksinere seg. Desse vil få praktisk informasjon direkte. Sjølve vaksineringa vil gå føre seg fredag 29.januar på Surnadal kulturhus. 

Koronavaksineringa er frivillig og gratis. Kommunen håper at flest mogleg takkar ja til tilbodet om vaksinering. Dersom ein er i tvil om ein kan ta vaksina av medisinske grunnar, må ein be om råd frå fastlegen sin før ein vaksinerer seg. I eit tidlegare vaksinebrev frå kommunen, vart det lagt ved eit «Eigenerklæringsskjema» som alle skal fylle ut før vaksinering. Dette skjemaet skal takast med og leverast på vaksineringsdagen. Dei som ikkje har med skjemaet, vil få eit nytt som må fyllast ut før vaksineringa på vaksineringsdagen.

Kommunen ber om at dei som skal vaksinerast tek på høvelege klede og tek med seg munnbind vaksineringsdagen. Kommunen vil komme med ny informasjon når neste vaksineringspulje for dei over 85 år skal gjennomførast. Sjølv om det no er mange som sit og ventar, og har mange spørsmål, ber kommunen om at folk er tålmodige og ventar på ny informasjon og innkalling. Kommunen lovar at ingen vil bli oversett eller gløymt. Det er fint om pårørande hjelper litt til og følgjer med på kommunen si heimeside, på Facebook og i lokalpressa i tida framover. 

Du kan og halde deg oppdatert på kommunen sin: Vaksinekalender

Publisert: 20. januar 2021, 16:41