Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Opplevelsestur til Kårvatn.

Opplevelsestur til Kårvatn.

Elinor Bolme Fredag 4. juni 2010

I går hadde alle førskuleungane i heile Surnadal kommune stortur til Kårvatn. Dei var mesta 70 stykker og kom inn bygda med buss, for å ha aktivitetsdag der oppe før skulestart. Både ungane og dei vaksne som var med var spente, men kanskje ikkje av same grunn. Dei vaksne pusta letta ut etter einfor nokon lang busstur med otte om bilsjuke, medan ungane var spente på om dei fekk sjå bjørnen.

Ungane vart delt inn i tre grupper med ulik aktivitet. Nokon starta på stabburet med ein episode av «Fjellgarden i Trollheimen», andre starta med tur til Nauståfossen, medan den siste gruppa skulle gjennom ein natursti ved sommarfjøsvollen.

Dettte er eit arrangement som kom i stand i fjor, og er en kombinasjon av å bli kjendt med kvarandre, kommunen sin og som ei markering av at perioden på barnehagen snart er over.

Her er den eine gruppa på tur inn i stabburet for filmsjåing.

Her nokre av ungane i full gang med å bygge varde som var ei av oppgåvene i naturstien.

Todalen representert ved Jorunn, Silje og Karoline. (Foto: Gudmund Kårvatn)

Litt våt av gåven fra fossen. (Foto: Gudmund Kårvatn)

Publisert: 4. juni 2010, 12:00