Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppladning til Norway Cup

Elinor Bolme Sundag 19. juli 2015

16 gutar i alderen 13 til 15 på G14 STKU ankom fredag ettermiddag Bordholmen for eit døgn med treningsleir før dei skal innta Oslo, Ekeberg og Norway Cup neste laurdag. Her vart det først innlosjering i klubbhuset med luftmadrassar og sengetøy, for ei «behageleg» overnatting til laurdag. Etter kvart kom G14-laget til Surnadal IL for ein vennskapleg treningskamp. Også dette laget skal til Oslo.

Treningskampen gjekk i favør STKU, med god margin etter tre omgangar. Etterpå vart det grilling på gjengen, der Terje Nordvik på Matkroken nok ein gong sponsa laget. Han held grillmat til svoltne fotballspelarar i vekas einaste kveld med opphaldsver og sol. Gutane avslutta kvelden med både bading og vidare fotballspel til dei vart anbefalt å ta natt.

Trenar Tor Helge Aas hadde nemleg eit hovedmål med opphaldet i Todalen, forutan den sosiale lagbyggjinga, og det var å vise at det lønner seg med ei god natts søvn før ein skal ut å prestere på fotballbanen. Vekking var nemleg sett til klokka 7.30 med felles frukost i klubbhuset. 8.30 var det ei times treningsøkt av hard karakter for å kjenne manglande søvn på kroppen. Og gutane slapp ikkje fri før etter dei låg spredt med stiv muskulatur i 12 tida. Heldigvis hadde Malee og Anton Brusethaug forbarma seg over dei i ein pause med nystekte vårrullar og is. Ellers må det nemnast at Johansen Bakeri på Sunndalsøra bidrog med gratis brød til frukosten.

Todalen.no kjem til å oppdatere både på resultat og andre hendingar gjennom heile opphaldet fraå dette og dei andre laga som skal nedover på Norway Cup. Både Søya/Todalen, Kvass/Ulvungen og Surnadal har mange lag i fleire klassar som skal nedover.

Under er eit lite bildegalleri frå opphaldet. Alle foto: ElinorB

Først publisert: 19. juli 2015, 05:37 - Sist oppdatert: 18. juli 2015, 23:19