Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppkjøring til skisesongen 2019/20

Elinor Bolme Måndag 21. oktober 2019

Laurdag inviterer skimiljøet i Surnadal til storstilt skidag på Surnadal kulturhus. Her blir det muligheit til å sjå det aller nyaste av ski og utstyr til både langrenn, alpint, freeski og randonee. Ein får også tatt ein prat med forhandlarane og dei ulike skigruppene hos Surnadal IL for erfaringsdeling, veiledning eller berre slå av ein real skiprat.

-Alle utstyrsforhandlarane i kommunen stiller så det blir rå å gjort eit skikkeleg skivarp under årets skibonanza, fortel den nye daglege leiaren i Surnadal Alpinsenter; Odd Rune Hoem. -Vi startar også salget av sesongkort for bakken denne dagen, og har i år redusert prisane litt. I år kostar sesongkort for barn 2690 kroner, 3590 kroner for vaksne og familiekortet til kun 7500 kroner.   -Dei som kjøper familiekort får med 2 gratis dagskort på handelen, lokkar han.

-I tillegg skal vi også ha salg av brukt utstyr. Hoem oppfordrar derfor folk til å ta ein titt i bod og garasje denne veka for å sjå om dei har noko å bidra med. -Utstyret kan leverast på Kulturhuset fredag mellom 18 og 20.

Sjekk ut det digitale bladet Bonanza Tidene

Først publisert: 21. oktober 2019, 06:27 - Sist oppdatert: 22. oktober 2019, 06:28