Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Oppgradering ved Ansnessaga

Oppgradering ved Ansnessaga

Elinor Bolme Tysdag 1. november 2011

I dag var det oppstart i oppgraderingsarbeidet ved MøreTre sitt anlegg i Todalen, også kalla Ansnessaga. Der skulle det gamle overbygget der laften kjem ut frå saga fjernast, då det hadde sett betre tider og nerma seg forfall. Manskapet der ute hadde bestillt assistanse frå Erling Søyset med kranbil for å løfta det vekk. Karane starta arbeidet med å feste stroppane, slik at det berre var å laustna heile taket frå pillarane med motorsag. Slik fekk dei fjerna alt i eit løft. Frå dei festa den første stroppa til heile taket sto ved sida av til slutt tok det ca 30 minutt, i underkant av kva dei hadde trudd før dei starta.

Så no ventar dei på at nytt tak skal reisast over bandet. Her vil det no i staden komme 15 meter lange ståldragarar til å halde konstruksjonane på plass.

Galleriet under viser manøvreringane for å demontere taket. Foto: Ivar Bolme og Palmer Vikan

Publisert: 1. november 2011, 18:15